GUMMI: Kunstgrasbanane i Noreg inneheld ofte gummi-granulat. Dette er små kuler som lett kjem på avvegar.

Illustrasjonsfoto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Miljødirektoratet ønskjer strengare krav til kunstgras-banar

MiljøDei rundt 1.600 kunstgrasbanane i Noreg slepper ut mykje mikroplast. No ønskjer Miljødirektoratet strengare reglar for drifta av banane.

  • © NTB
  • Publisert:

Dei fleste kunstgrasbanane i Noreg inneheld store mengder gummi-granulat frå oppmalne bildekk. Det gir betre grep og reduserer risikoen for at folk skadar seg. Ifølgje ein rapport frå 2016 kan granulata i kunstgrasbanane likevel vere den nest største kjelda til mikroplast på landjorda.

Fakta om mikroplast

  • Plastbitar som er mindre enn 5 millimeter.
  • Blir enten tilsett ulike produkt eller oppstår på grunn av slitasje på plastprodukt som er i bruk, eller når større avfallsbitar av plastprodukt over tid blir fragmenterte og delte opp i mindre bitar i havet.
  • Dyr kan tru at plastbitane er mat og få indre skadar, fordøyingsproblem og falsk kjensle av å vere mette. Når dyr et mikroplast, kan giftene bli med vidare opp i næringskjeda.
  • Bitane kan innehalde helse- og miljøskadelege stoff.

Kjelde: Miljøstatus.no, Miljødirektoratet, Mepex

– Mange driftsansvarlege etterlyser meir tydelege reglar og krav. Vi anbefaler at det vert utarbeidd ei forskrift som regulerer bruken av innfyllings-masse på kunstgrasbanar. Det seier Ellen Hambro. Ho er direktør i Miljødirektoratet.

Ingen gode alternativ

Mikroplast er små plast-partiklar i miljøet som frigir kjemikaliar, og som forgiftar organismane som et dei. Slik kan miljøgiftene reise oppover i næringskjeda.

Kvar kunstgrasbane inneheld 100 tonn gummi-granulat. På grunn av snørydding og avrenning må kvar bane etterfyllast med cirka 10 tonn per år.

På oppdrag frå Klima- og miljødepartementet har Miljødirektoratet undersøkt om det finst andre material som kan erstatte gummi-granulat. Konklusjonen er at det ikkje finst slike alternativ i dag.

Fysiske barrierar

Ei spørjegransking direktoratet har gjort blant driftsansvarlege for kunstgrasbanar, viser at svært få har rutinar eller utstyr for å redusere spreiinga av gummi-granulat. Eitt av fem anlegg gjer ingenting for å redusere utsleppa av granulat, men så mange som 87 prosent av dei driftsansvarlege ønskjer å forbetre seg.

 

Direktoratet peikar likevel på fleire tiltak som kan hindre spreiing av granulata, inkludert fysiske barrierar rundt baneområda og sandfang i dren-systemet på anlegga.

– Ny teknologi kjem dei nærmaste åra til å gjere sitt til at det kjem nye og betre alternativ. I så fall er det naturleg at granulata på sikt blir fasa ut, seier Hambro.