TREKTE SEG: To timar før Stortinget skulle ta stilling til mistillitsforslaget mot Sylvi Listhaug, trekte ho seg som statsråd.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Listhaug gjekk av og skulda på Ap, Støre og KrF 

PolitikkSylvi Listhaug (Frp) går av fordi ho vel ytringsfridom og Framstegspartiet framfor ein plass i regjeringa. Det gjer ho i motsetning til alle andre, meiner ho. 

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Listhaug var alt anna enn angrande og audmjuk då ho fortalde at ho gjekk av som justisminister. Kunngjeringa kom to timar før den planlagde mistillitsdebatten skulle starte i Stortinget tysdag morgon.

Fakta om Listhaug-saka

  • Raudt fremja 14. mars mistillitsforslag mot justis-, beredskaps- og innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp).
  • Det skjedde etter at Listhaug i ein Facebook-post skulda Ap for å vere meir opptatt av å verne rettane til terroristar enn av tryggleiken i landet.
  • Innlegget vart lagt ut etter at opposisjonen stemte ned eit lovframlegg som opna for å ta passet frå norske framandkrigarar utan å gå vegen om ein domstol.
  • Etter fem dagar med massiv kritikk fjerna Listhaug innlegget.
  • Den 14. mars beklaga statsminister Erna Solberg (H) på vegner av regjeringa innlegget. Etter sterkt press beklaga òg Listhaug sjølv innlegget 15. mars.
  • Den 20. mars, to timar før Stortinget skulle ta stilling til mistillitsforslaget mot Sylvi Listhaug, trekte ho seg som statsråd.

– Målet i valkampen var å halde Støre vekk frå Statsministerens kontor. Det er framleis målet. Han er ikkje eigna til å vere statsminister i Noreg.

Det sa Listhaug til pressa ein halv time etter at NTB hadde varsla at ho gjekk av.

Listhaug hadde skrive på Facebook at Ap set rettane til terroristane over tryggleiken i landet. Stormen som følgde etter innlegget, samanlikna ho med ein barnehage.

– Då er det min jobb å vere vaksen, sa ho.

Listhaug beklaget Facebook-innlegg

– Heksejakt

Listhaug meiner at Støre har sett henne i bås med masse-mordaren Anders Behring Breivik. Ho meiner òg at Støre har leidd ein kampanje for å kneble henne. Han fekk med seg fleirtalet på Stortinget på det.

– Det har vore ei rein heksejakt, der målet har vore å kneble ytringsfridommen. Den er for meg ein utruleg viktig norsk og vestleg verdi, sa Listhaug.

Ho varsla at ho kjem til å halde fram i Stortinget. Der vil ho vere seg sjølv og seie det ho meiner.

– Eg lover éin ting. Eg kjem ikkje til å gå stille i dørene. Eg aksepterer ikkje at nokon prøver å tvinge meg til tausheit, sa ho.

– KrF utan ryggrad

Det var KrF som sørgde for at det vart fleirtal i Stortinget mot Listhaug. Landsstyret i partiet bestemte seg etter eit fire timar langt møte for at dei ikkje lenger hadde tillit til henne.

–  Eg registrerer kva KrF har gjort. Det blir spennande å sjå kva side dei no vel. Eg opplever det partiet totalt utan ryggrad, utan styring og utan nokon veg vidare.

– Vi får sjå, sa ho da ho vart spurt om ho reknar KrF som eit borgarleg parti.

Regjeringa og ytringsfridommen

Listhaug takka for støtta frå partileiar Siv Jensen og «resten av partiet», som ville støtte henne fullt ut. Men ho kunne ikkje bidra til å gi landet ei regjeringskrise.

Då NTB spurde henne om ho kunne gjort dette før, svarte ho:

– Eg set regjeringa først no, og eg set ytringsfridomen aller først.

Listhaug sa gong på gong at ho gjekk av frivillig. Ho sa òg at den siste tida har vore krevjande for både henne, mannen hennar, barna, foreldra, brørne og resten av familien.

Listhaugs kors skaper kraftig debatt

Regjeringen ber politiet gjøre mer mot hat