ALTERNATIV: Det finst andre måtar å gi tilbakemeldingar på enn karakterer.

ILLUSTRASJONSFOTO: BERIT ROALD / NTB SCANPIX

Fleire ungdomsskular kuttar karakterane

HelseSjølv om det ikkje finst noka nasjonal oversikt, har både Utdanningsdirektoratet og Oslo kommune inntrykk av at fleire ungdomsskular kuttar i bruken av karakterar.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Inntrykket er at «en del skoler ønsker å trappe ned på karakterbruken uten å nødvendigvis gå helt bort fra karakterer i perioden mellom halvårsvurderingene», skriv kommunikasjonssjef Trine Lie Larsen i Utdanningsetaten i Oslo til Aftenposten.

Fakta om karakterar

Dette er karakterane som blir nytta i fag på ungdomstrinnet og i den vidaregåande skulen.

1 – svært låg kompetanse

2 – låg kompetanse

3 – nokså god kompetanse

4 – god kompetanse

5 – mykje god kompetanse

6 – framifrå kompetanse

Kjelde: Wikipedia 

Fleire i Bergen reduserer

Bergens Tidende har tidlegare skrive at 11 av 26 ungdomsskular i Bergen trappar ned karakterbruken.

Utdanningsdirektoratet har òg fått tilbakemelding om at fleire skular ønskjer å teste ut redusert bruk av karakterer.

– Karakterar i skulen er ei domsseiing på kven du er, og kva du meistrar. Det kan ta bort trua på deg sjølv og gi auka fokusering på samanlikning med andre, seier førsteamanuensis Siv Therese Måseidvåg Gamlem ved Høgskulen i Volda. Ho meiner å sjå ei endring i retning av færre karakterar i skulen i Noreg.

Elevane treng tilbakemelding

Gamlem understrekar samtidig at læringsmiljøet og resultata ikkje automatisk blir betre om berre karakterane forsvinn. Elevane må få gode tilbakemeldingar som aukar kvaliteten på arbeidet dei gjer.

– Kjernen i gode tilbakemeldingar er at elevane blir medvitne på styrkar og svakheiter i det som er relatert til oppgåva, men òg når det gjeld arbeidsmetodar og strategiar, seier forskaren.

Les òg: Gutter får dårligere karakterer