SNART UTRYDDA: Han er unik – den siste attverande hannen av arten. No nærmar stumpnashornet Sudan seg døden.

FOTO: BAZ RATNER/ REUTERS / NTB SCANPIX

Det siste attlevande hann-stumpnashornet i verda nærmar seg døden

MiljøStumpnashornet Sudan (45) vart kjendis via ein Tinder-profil i fjor. No nærmar han seg døden. Han er den siste hannen av denne arten.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Jacob Anampiu er dyrepassar i Ol Pejeta-reservatet i Kenya, der Sudan held til.

– Eg kjem til å bli svært lei meg når han døyr. Men det er ikkje noko vi kan gjera. Naturen må gå sin gang. Det seier Anampiu til nyheitsbyrået DPA.

Fakta om nordleg kvitt nashorn

  • I 1960 fanst det 2000 dyr av denne arten – i dag er det berre tre igjen.
  • Det siste frittlevande nordlege kvite neshornet vart skote i Den demokratiske republikken Kongo i 2006.
  • Krypskyttarar sel horna for oppimot 445 000 kroner per kilo.
  • I Asia blir horna mellom anna nytta som kreftmedisin. Det skjer sjølv om horna er bygde opp av nøyaktig det same stoffet som menneskenegler, nemleg keratin.
  • Nordleg kvitt nashorn kan bli mellom 40 og 50 år gammalt.

Kjelde: Illustrert Vitenskap

Søv mykje

Stephen Ngulu er veterinæren til Sudan. Han seier nashornet bruker mesteparten av tida på å sove og liggje.

– Han har liggjesår på heile kroppen. Han klarer å gå nokre meter for å ete og drikke, og han har framleis god matlyst. Det seier Ngulu.

Veterinæren legg til at 45 år er ein svært høg alder for eit stumpnashorn. Stumpnashornet er òg kjent under artsnamnet kvitt nashorn.

Får ikkje para seg

Sudan kan ikkje para seg. Han har få sædceller. I fjor fekk han sin eigen Tinder-konto med tittelen «Den mest ettertrakta ungkaren i verda». Tinder-profilen var del av ein kampanje for å samle inn pengar til kunstig inseminering.

Tanken er å bruke egg frå dottera til Sudan, Najin, og dottera hennar, Fatu. Forskarane har sæd frå fleire døde hannar som dei kan befrukte egga med. Dei vurderer òg å bruke andre nashorn-underartar som surrogatmødrer, til dømes sørleg kvitt nashorn.

Betre humør

Nyleg tvitra reservatet at humøret til Sudan var betre fordi det regna.

– Han har byrja å rulle seg i gjørma, noko han ser ut til å nyte. Han er verkeleg imponerande uthaldande. Det er opplagt at han ikkje har mista livsgnisten. Han kjem ikkje til å gi opp utan kamp, skriv reservatet i Twitter-meldinga.