Raketten er 70 meter lang og utvikla med tanke på å frakte menneske til månen og Mars.

FOTO: THOM BAUR / REUTERS / NTB SCANPIX

SpaceX skaut opp den kraftigaste romraketten i verda

TeknologiSpaceX har skote opp den kraftigaste romraketten som er bygd sidan 1970-talet, Falcon Heavy. Elon Musk sende sin eigen Tesla med i lasta.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Det var full jubel på Kennedy Space Center i Florida da Falcon Heavy fauk opp i verdsrommet 6. februar.

Fakta om Elon Musk

  • Forretningsmannen Elon Musk vart fødd 28. juni 1971 i Pretoria i Sør-Afrika.
  • Han flytta til Canada som 17-åring og seinare til USA. Musk er statsborgar i alle dei tre landa.
  • Som gründer har han starta mellom anna selskapa PayPal, Tesla, SpaceX og Hyperloop.

Kjelde: Wikipedia

Bererakettane landa elegant

To minutt etter oppskytinga, ramla dei to bererakettane på Falcon Heavy av og landa elegant på Cape Canaveral-basen, heilt etter planen.

John Innsbrucker jobbar i SpaceX. Han er fornøgd.

– Det er slik du vil at ei testoppskyting skal gå, sa han.

Les også: «Diskokule» skutt ut i verdensrommet 

Musks privatbil

Raketten er 70 meter lang og utvikla med tanke på å frakte menneske til månen og Mars. Men før den tid skal raketten testast, og oppskytinga tysdag var starten på jomfruferda for Falcon Heavy.

Oppskytinga skulle ha skjedd klokka 13.30, lokal tid, ved Kennedy Space Center i Florida, men vart utsett fleire gonger på grunn av ugunstige vindforhold. Klokka 21.46 fauk raketten omsider til vêrs.

I lasterommet på raketten står ein Tesla Roadster frå 2008, ein av privatbilane til SpaceX- og Tesla-gründeren Elon Musk. I førarsetet sit ei dokke ved namn Starman i kvit romdrakt, og songen «Space Oddity» av David Bowie er på spelelista i bilen.

Les også: Forskere: Sju planeter ligner på Jorda 

Elon Musk sende sin eigen Tesla med i lasta.

FOTO: SPACEX / REUTERS / NTB SCANPIX

Tusenvis av tilskodarar

– Falcon Heavy sender ein bil til Mars, tvitra Musk måndag.

Det er rett nok ei forenkling, ettersom den raude bilen ikkje skal til den raude planeten. Bilen skal gå i ein elliptisk bane som på eit tidspunkt skal vere ganske nøyaktig midt mellom Mars og sola. Musk har sagt at bilen kan bli der i rommet i fleire milliardar av år.

Han sa på førehand at mykje kunne gå gale med oppskytinga, men at det vart spennande uansett. Fleire tusen tilskodarar følgde oppmodinga og tok turen til Florida for å sjå på oppskytinga, som vart overført direkte på nettstaden til SpaceX.

SpaceX- og Tesla-gründeren Elon Musk.

FOTO: JOE SKIPPER / REUTERS / NTB SCANPIX

Den kraftigaste sidan Apollo

Falcon Heavy skulle etter oppskytinga gjere den første tredobbelte landinga i historia. Mens dei to bererakettane landa på Cape Canaveral-basen akkurat slik dei skulle, gjekk det ikkje like bra med hovudraketten. Den styrta i sjøen i staden for å lande fint på droneskipet Of Course I Still Love You, som låg og venta i Atlanterhavet.

Det viktigaste var likevel at raketten klarte å utføre oppdraget med å laste av Teslaen ute i rommet, og at dei to bererakettane klarte seg.

Falcon Heavy er den kraftigaste raketten som er bygd sidan Apollo-programmet vart avslutta på syttitalet.