AV OG TIL: 12 prosent av mennene og 10 prosent av kvinnene røykjer dagleg, men undersøkinga har òg sett på dei som tar seg ein røyk til dømes på fest.

ILLUSTRASJONSFOTO: STIAN LYSBERG SOLUM / NTB SCANPIX

Ny forsking: Festrøyking er livsfarleg

HelseMange tar seg ein røyk på fest. Dei som gjer det, har større risiko for å døy. Risikoen for å døy innan 15 år aukar med 38 prosent for festrøykarar.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Resultata kjem fram i ein ny norsk studie. Det skriv fagbladet Dagens Medisin.

Fakta om røyking og snusing

  • 11 prosent i alderen 16–74 år røykjer dagleg, mens 12 prosent snusar dagleg.
  • 12 prosent av mennene og 10 prosent av kvinnene røykjer dagleg.
  • 17 prosent av mennene og 6 prosent av kvinnene snusar dagleg.
  • I 2008 og 2009 røykte 21 prosent dagleg, mens 6 prosent snusa. Da var tala for menn og kvinner slått saman.

Kjelde: SSBs statistikk for 2017 

Festrøykarane er yngre

Maja-Lisa Løchen er ein av dei som har arbeidd med studien. Ho er professor i førebyggjande medisin ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (UiT).

– Festrøykarane er yngre og meir velutdanna enn dei som er daglegrøykarar. Det verkar som om dei ikkje skjønner at dette kan ha svært alvorlege helsemessige konsekvensar, seier professoren.

Les også: Alle røykpakker blir like 

Forskarane samla info om fleire tusen

Forskarane har samla opplysningar om røykjevanane til både menn og kvinner. Det dreier seg om 4.020 kvinner og 3.033 menn i alderen 30 til 89 år. Informasjonen vart samla inn i 2001 og 2015.

Forskarane såg på kor mange av personane som hadde mista livet. Deretter justerte dei tala for andre ting som kan ha spelt inn.

VANLEGARE: Mens talet på røykarar går ned, har fleire byrja med snus.

ILLUSTRASJONSFOTO: ERLEND AAS / NTB SCANPIX

Kreft var den vanlegaste dødsårsaka

Da fann forskarane ut at risikoen for å døy etter 15 år, var 38 prosent høgare blant dei som røykte av og til, enn blant dei som aldri hadde røykt.

Den vanlegaste dødsårsaka var kreft. Hjarte- og karsjukdom var nummer to.

Å røykje dagleg var det farlegaste

– Vi ser at det er verre å røykje ein gong iblant enn å vere ein eks-røykar. Eks-røykarane hadde 18 prosent høgare risiko for å døy etter 15 år, seier professor Maja-Lisa Løchen.

Forskarane undersøkte òg korleis det var med dei som røykte dagleg. Blant dei var risikoen over dobbelt så høg for å døy etter 15 år som for ikkje-røykarar.

FORBOD: Eit reklameskilt for Savoy-sigarettar blir tatt ned i Oslo sentrum i desember 1975. Dette året vart det innført forbod mot å reklamere for tobakk her i landet.

ARKIVFOTO: ODDVAR WALLE JENSEN / NTB SCANPIX