Dei fleste høyrer fleire dialektar enn sin eigen i kvardagen, og då jamnar skilnadane seg ut over tid.

ILLUSTRASJONSFOTO: THOMAS BRUN / NTB SCANPIX

I framtida kjem kanskje alle til å snakke same dialekt

KulturDet ligg ei slags ære i å halde på dialekten sin. Men dialektane utviklar seg anten vi vil eller ikkje. Språkforskar Arne Torp trur vi i framtida kjem til å ha landsdels-dialektar.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Kanskje får vi til og med eit felles talemål for heile landet.

– Det som skjer i Noreg i dag, er at dialektane blir meir og meir like kvarandre. Det heng saman med kommunikasjon. Dei fleste høyrer fleire dialektar enn sin eigen i kvardagen, og då jamnar skilnadane seg ut over tid.

Det fortel språkforskar Arne Torp. Han har lenge forska på norske dialektar. Han fortel at dei norske dialektane grovt sett kan delast i to grupper.

– Ein kan dele dei norske dialektane i to hovudgrupper: austnorsk og vestnorsk. Dei dialektane som vi kallar vestnorske, finn vi i Nord-Noreg og på Vestlandet, medan dei austnorske dialektane er dei vi finn i Trøndelag og på Austlandet, seier Torp.

Språkforskar Arne Torp har studert norske dialekter i ein mannsalder.

FOTO: KJELL ÅSMUND SUNDE / NPK / NTB SCANPIX

Tonefallet avgjer

Tonefallet er eitt av dialektmerka som avgjer kva for hovudgruppe ein dialekt hamnar i.

– Tonen i dialektane våre er slett ikkje noko nytt fenomen. Det er isolasjon som skaper dialektane. Kva slags naturlege barrierar og samband har vi i Noreg? Jo, vi har fjell mellom aust og vest. Dessutan har vi ein kyst som tradisjonelt sett blei brukt som handelsveg. Difor var det mindre isolasjon mellom Vestlandet og Nord-Noreg enn det var mellom Vestlandet og Austlandet. Samstundes har det alltid vore mykje kontakt mellom austlendingane og trønderane over Dovrefjell. For Dovrefjell er eit mykje lågare fjell enn Langfjella mellom aust og vest, fortel Torp engasjert.

Om ein reinskar vekk alle særtrekka ved ein trønderdialekt, høyrest ho nokså austlandsk ut, forklarer han.

– Ber du ein trønder prøve seg på austlandsdialekt, er det i alle fall ikkje tonen som set ein stoppar for om han klarer det, seier språkforskaren.

Fakta om dialektar

  • Ein dialekt kjenneteiknar talemålet i eit bestemt område. Ein dialekt er avgrensa av geografiske og sosiale skiljelinjer.
  • Dialektane inneheld ulike dialektkjenneteikn, såkalla målmerke, som dialektane blir delte inn etter.
  • Palatalisering: Målmerket palatalisering er ei modifisering av uttalen av ein konsonant. Det skjer ved at tunga blir pressa mot den harde gommen. Palatalisering er vanleg i dei norske dialektane nord for Sognefjorden og Mjøsa, men finst også i mange andre språk. Eit eksempel på palatalisering er det trønderske «hainnhoinn i bainn», som tyder hannhund i band.
  • Retrofleks: Ein retrofleks konsonant er eit målmerke der ein bøyer tungespissen oppover og bakover. Lydsamband som «rt», «rd», «rs», «rn», «rl» får i austnorske og trønderske dialektar retrofleks uttale. For eksempel i «ert», «gardin», «vers», «garn», «barlind» og «jåle».
  • Skarre-r: Skarre-r er ein uttale-variant av r-lyden som er karakteristisk for dialektane på Sør- og Vestlandet. Skarre-r blir laga ved at drøvelen vibrerer mot den bakarste delen av ryggsida på tunga.

Bymåla dominerer

Nokre dialektar har gjennom historia fått større råderom enn andre. Særleg éin dialekt spreier seg svært raskt no.

– Oslo-målet spreier seg i veldig fart oppover dalføra på Austlandet. Særleg gjeld dette Hallingdal, Valdres og Østerdalen. Gudbrandsdalen ser førebels ut til å halde stand, seier Arne Torp.

– Kvifor har Oslo-målet så lett for å spreie seg?

– Det er ein dialekt ein er ekstra eksponert for gjennom media. Heilt frå radioen kom, har det vore sagt at alle etter kvart kom til å snakke som ein gjorde i radioen. Det skjedde ikkje. Men etter kvart kom fjernsynet òg. Då blei det lettare å identifisere seg med dei ein både høyrde og såg i media. Lenge har det vore tala om at born i heile landet er i stand til å leike på oslomål. Viss du er i stand til å leike oslomål, så er du jo òg i stand til å legge om til oslomål på alvor, svarar Torp og legg til:

– No finst det klare område med Oslo-mål over heile landet. Det kan komme ei tid der heile landet snakkar meir eller mindre oslomål. Men det skjer i alle fall ikkje i mi levetid.

Også dialektane i andre landsdelar blir påverka av dialektane på større stadar.

– Dei største og mest dominerande dialektane i eit område påverkar andre dialektar rundt. Det kan tenkjast at det i framtida vil utvikle seg landsdelsdialekter. Det vil seie at ein etter kvart kan peike ut kva landsdel folk har vakse opp i, ut frå dialekten. Men også dette ligg langt fram i tid, seier Torp.

Språkstorm ved Stad

I tillegg til tonefallet er det òg mange andre kjenneteikn som skapar dialektar. Nokre dialektkjenneteikn er i ferd med å forsvinne, medan andre i lang tid har vore på frammarsj. Eit kjennemerke som finst i mange dialektar, spesielt på Vest- og Sørlandet, er skarre-r.

– Skarringa kom truleg til Noreg på 1700-talet og har sidan breidd seg utover stadig større område, fortel Torp.

Truleg oppstod skarre-r-en først i Paris, for så å breie seg ut over store delar av kontinentet.

– Mange meiner han oppstod som ein talefeil, men det trur ikkje eg, seier språkforskar Torp.

Han fortel vidare at spreiinga av skarre-r i Noreg no er i ferd med å stoppe opp.

– Det ser ut som skarringa passar dårleg saman med det vi kallar retroflekse lydar. Det vil seie samantrekking av lydane «rt», «rd», «rs», «rn», «rl», som ein finn i austnorske dialektar.

Desse retrofleksane er utbreidde i Trøndelag og på Austlandet. Derfor møter skarringa motbør når ho kjem til desse områda.

– Det er tydeleg at skarre-r ikkje går godt saman med retrofleksar. Sør for Sogn skarrar dei fleste. Men skarringa forsvinn gradvis på vegen gjennom Sogn og Fjordane oppover til Sunnmøre. Skiljet ser ut til å ende opp ved Stad, seier Torp før han legg til:

– Stad er jo eit landemerke dei fleste har eit forhold til.

Dialekt-kjenneteikn som forsvinn

I motsetnad til skarring er det andre merke i dialektane som er i ferd med å forsvinne eller har forsvunne.

– Det er mange trekk ved dialektane som forsvinn og blir heilt vekk. Eit eksempel på eit dialektmerke som er på tilbaketog, er det ein kallar for palatale lydar: mannj for mann og kallj for kall, og liknande. Desse lydane har forsvunne mange stader der dei fanst før. Framleis finn vi dei i Trøndelag og i Nord-Noreg, men også i desse områda er palatalane på veg ut. Dei kan etter kvart komme til å forsvinne heilt der òg, seier Torp.

Han trekkjer òg fram eit gammalt grammatisk dialekt-kjenneteikn som er i ferd med å forsvinne.

– Den siste resten av kasusbøying av substantiv finn vi mellom anna på Nord-Vestlandet. Det er dativforma, som «i husa» for «i huset» i eintal og «i huso» for «i husa» i fleirtal. Før eksisterte dativ i dialektar over heile landet. Dei siste restane på Nord-Vestlandet og i fjellbygdene austafjells forsvinn no, seier språkprofessor Torp til slutt.