Forbrukarrådet har gjort ei undersøking som viser at barn ned i tiårsalderen drikk energidrikkar regelmessig.

ILLUSTRASJONSFOTO: HEIKO JUNGE / NTB SCANPIX

Forbrukarrådet vil ha aldersgrense på energidrikk

HelseEnergidrikkar kan gi søvnvanskar og konsentrasjonsproblem hos barn og unge. Butikkane bør derfor innføre aldersgrense på 18 år, meiner Forbrukarrådet.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Forbrukarrådet opplyser at dei vil ta initiativ overfor handelsnæringa for å diskutere om dei vil innføre ei sjølvpålagd aldersgrense i butikkane og kioskane sine.

Fakta om energidrikk

  • Energidrikk er ein drikk som inneheld tilsetjings-stoff som sukker og koffein, som skal tilføre energi.
  • Fram til 2009 var det i Noreg forbode å selje drikkevarer som hadde eit koffein-innhald på over 150 milligram per liter.
  • I 2009 førte nye EU-reglar til at forbodet vart oppheva, og det vart lov å selje energidrikk med stoffet taurin og høgare koffein-innhald.

Kjelde: Wikipedia 

– Ikkje til mindreårige

Rådet meiner energidrikkar med høgt koffeininnhald ikkje bør seljast til mindreårige.

– Vi veit at høgt inntak av energidrikk på kort tid er farleg, og vi gjer ikkje nok for å verne barn og unge mot det. Produktet er urovekkjande lett tilgjengeleg i butikkar og kioskar, seier Gunstein Instefjord, som er fagdirektør for handel i Forbrukarrådet.

Forbrukarrådet har gjort ei undersøking som viser at barn ned i tiårsalderen drikk energidrikkar regelmessig.

Les òg: Forbrukarrådet vil ha strengare reglar for reklame mot barn

Dei kan gi helseproblem

Både i Sverige og Noreg har ungdom måtta på sjukehus fordi dei har drukke for mykje energidrikk, ifølgje rådet.

– I tillegg til uroa knytt til akutt høgt inntak, veit vi at regelmessig bruk kan gi både søvnvanskar og konsentrasjonsvanskar hos barn og unge. Dette er ikkje eit produkt som er mynta på barn og unge, og det må vi ta konsekvensen av, seier Instefjord.

Rådet meiner at handelsnæringa bør vise samfunnsansvar og innføre ei sjølvpålagd aldersgrense på 18 år for kjøp av slike drikkar.