SKUMMELT: Kartet viser kor varulvar, hekser og spøkjelse lever «i beste velgåande».

ILLUSTRASJONSFOTO: FRANK MAY / NTB SCANPIX

Alle vil finne den lokale heksa på nytt segnkart

KulturPå eit nytt interaktivt kart kan du lese om segner og historier frå heimstaden din. – Vi opplever ein fantastisk respons, seier kulturhistorikar Line Esborg.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Kartet viser kor varulvar, hekser og spøkjelse lever «i beste velgåande». Det er Norsk folkeminnesamling ved Universitetet i Oslo (UiO) som står bak kartet. Responsen har vore massiv etter lanseringa i byrjinga av februar.

– Det er overveldande! Vi har fått hundrevis av e-postar frå folk som enten vil bidra med nye segner, korrigere segner eller berre takke for kartet, seier Line Esborg til NTB.

Fakta om munnleg overlevering

  • Ein måte å hugse ting på i samfunn som legg lita eller inga vekt på skriftleg overlevering. Denne metoden kan formidle litteratur, historie og lover over generasjonar.
  • Gamle samfunn har brukt munnleg overlevering til å hugse det dei såg på som viktig.
  • I dag er slik overlevering mindre viktig, men ho er likevel i framleis i bruk i det norske samfunnet i dag, til dømes i form av vandrehistorier.

Kjelde: Wikipedia

Ho har lenge sete på samlinga med segner frå ulike krikar og krokar i det langstrekte landet vårt. Ho trur interessa for desse gamle historiene har mykje med den lokale forankringa å gjere.

– Folk er opptatt av kor dei kjem frå, og her kan dei lese om noko som knyter dei direkte til heimstaden. For segnene er ofte svært stadsspesifikke og fortel kor dette og hint skal ha skjedd. Og kanskje har ein høyrt desse historiene før, noko som jo smaker av barndomsminne og fantasi.

Kartet tar oss med tilbake i tid, til ei tid da varulvar, sjøormar, hekser, nøkken, vette og daudingar var reelle figurar å rekne med.

– Dette er gode historier! Segnene rommar så mykje og tar oss med rett inn i folkesjela. Ofte kan vi lese oss til ein moral og til reglar innanfor skikk og bruk. Historiene kunne òg fungere som reelle vegvisarar. Dei kunne seie kor du ikkje burde gå åleine i mørket, og skremme barn bort frå skogar, lumske fossefall og elvar med sterk straum.

Les òg: Last opp din egen kulturvideo

Sjø-varulv

Sjølv om mange av segnene stammar frå 1800-talet, er segnene og segnfigurane framleis «operative» på ulike vis i dag, seier kulturhistorikaren.

– Ungane har høyrt om nøkken, troll og Seljordsormen. At vi framleis er redde for daudingar, ser vi mellom anna på TV i form av TV-seriar som Åndenes makt. Og besteforeldre held segnene i live ved å fortelje dei vidare til barnebarna. Vi ser jo òg at det oppstår nye og moderniserte utgåver av dei gamle figurane, som Slenderman. Folk fryktar framleis det dei ikkje kan kontrollere eller forstå, understrekar ho.

Som døme på segner som finst på kartet, fortel Esborg om ein varulv som skal ha vore laus i Lindesnes, eit gjenferd som skremde vatnet av folk på Senja – og to nissar som herja og slost i Hordaland.

Men om nissetrua var meir utbreidd visse stader i Noreg enn andre, vil Esborg vere varsam med å meine noko om.

– Segnene har jo ein opphavsstad. Men så var jo folk da som no mobile. Dei flytta på seg og tok med seg den lokale folkloren. Dermed kunne nøkken godt dukke opp i innlandet, og varulven kunne plutseleg luske rundt med blodtørst i sjønære strøk.

Om ho skal gå med på at dei ulike segnene er ulikt spreidde rundt om i Noreg, meiner ho det handlar mest om kyst og innland, ikkje nord og sør.

LOKALT: Skjermdump frå det nordiske segnkartet – som skaper stort engasjement.

FOTO: DET HUMANISTISKE FAKULTET / UIO

– Skikkeleg skremmande

Noko å merke seg med kartet og segnsamlinga, er at segnene blir fortalde på dialekt.

– Vi ville gjerne halde på det rike språket i dialektane, og vi opplever å komme nærmare dei historiske røtene ved å formidle segnene på nettopp dialekt.

Det nordiske kartet (Sverige er òg med) inneheld så langt over 6.000 forteljingar. Men kartet er i stadig utvikling.

– Vi håper på alle typar engasjement. Om det er noko som er feil, eller dersom nokon kjenner til personar som blir omtalte, håper vi dei tar kontakt. Det same gjeld fleire segner: Kom med dei. Vi treng òg hjelp til å transkribere ein del av dei gamle forteljingane for å få nettopp din heimstad representert, seier Esborg.

Førebels er det dei overnaturlege segnene som har fått plass. Men kulturhistorikaren ser ikkje vekk frå at du snart kan finne meir realistiske segner om ulveangrep, Jostedalsrypa og grufulle mord.

– Eg har Finnmarks-slekt, og ei av dei første historiene eg kan hugse, er ei segn om den vêrharde Marholmen. Her skal det i si tid ha budd ei Maren, som tok godt imot skipbrotne sjømenn. Men om natta stal ho alt dei eigde før ho drap dei – og kasta dei på havet, seier kulturhistorikaren. Ho får framleis frysningar på ryggen av historia og meiner små forteljingar kan skape sterke kjensler.

– Det finst ein del svært skremmande historier der ute. Sånne som handlar om vegar du for all del ikkje bør ferdast på om natta, for da kan du få ein død haikar med deg i bilen. Men så er eg litt lettskremd da, ler ho.

PÅ KARTET: Line Esborg er kulturhistorikar og veit kva folk rundt omkring i Noreg var redde for. No er eit digitalt segnkart tilgjengeleg på nettet.

FOTO: DET HUMANISTISKE FAKULTET / UIO