AUSTRALIA: Eit bleikna korallrev i Great Barrier Reef. Biletet vart tatt i 1998.

FOTO: REUTERS / NTB SCANPIX

Varmt vatn skadar korallane

MiljøKorallreva rundt om i verda blir skadde og bleiknar stadig oftare. Det viser ein ny studie. Hovudårsaka er den globale oppvarminga.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Forskarane har sett nærare på såkalla korallbleiking. Bleikinga inneber at korallane mistar fargane og blir sterkt skadde.

Fakta om korallrev

  • Korallrev er grunner eller høgdedrag på havbotnen. Reva er bygde opp av kalk-strukturar som er laga av virvellause koralldyr.
  • Levande koralldyr festar seg ofte til ting som stammar frå skala til dyr som for lengst er døde. Det å danne eit stort rev kan ta mange tusen år.

(Kjelder: NTB, Store norske leksikon, Havforskingsinstituttet)

Det skjer oftare no

For 30–40 år sidan gjekk det vanlegvis minst 25 år mellom alvorlege tilfelle av korallbleiking. No går det berre seks år. Det gjer at korallreva ofte ikkje har tid til å komme seg før dei blir ramma på nytt.

Det australske forskningsrådet har leidd arbeidet med studien. Leiaren for instituttet er direktør Terry Hughes.

– Før 1980-talet var det ingen som hadde høyrt om massebleiking av korallar, seier han. Direktøren fortel vidare at bleiking og død i korallreva no har vorte det mest vanlege.

Varmare vatn er hovudårsaka

Hovudårsaka til utviklinga er at havet blir varmare. Korallbleiking er ein av dei tydelegaste følgjene av den globale oppvarminga så langt. I tillegg kan forureining langs kysten skade korallane.

Dei grunne tropiske korallreva dekkjer til saman eit område som er like stort som halve Frankrike.

Korallrev er viktige for mange artar

Om lag 25 prosent av alle artane i havet lever i desse områda.

Forskarane har tidlegare anslått at 90 prosent av korallreva kan vere øydelagde innan 2050.

Les òg: Korallrevene dør ut i Australia