LEI? Ein del meiner at dekninga av Donald Trump har vore overdriven. Her er han fotografert i Pensacola den amerikanske delstaten Florida i starten av desember.

FOTO: CARLO ALLEGRI / REUTERS / NTB SCANPIX

Trump vart medie-vinnaren i 2017

KulturDonald Trump vart ikkje heilt overraskande den mest omtalte i dei norske nyheitene i 2017. Den amerikanske presidenten vart nemnd tre gonger så ofte som det norske valet.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Norske medium nemnde Donald Trump så mange som 70.110 gonger i 2017. Det viser tal frå Retriever.

Fakta om dei mest omtalte sakene

  1. Donald Trump – 70.110 saker
  2. Krigen i Syria – 27.523 saker
  3. Stortings- og sametingsvalet – 23.931 saker
  4. Flyktningstraumen – 19.406 saker
  5. Nord-Korea – 14.498 saker
  6. Brexit-forhandlingane – 14.029 saker
  7. Bustadprisane – 10.574 saker
  8. Johaug-saka – 9.012 saker
  9. Presidentvalet i Frankrike – 8.980 saker
  10. Sykkel-VM i Bergen – 8.481 saker

Kjelde: Retriever

Folk likte dekninga av valkampen

I september 2017 var det både stortingsval og sametingsval i Noreg. Dekninga av valkampen var det som flest nordmenn var fornøgde med.

Det viser undersøkinga AgendaTracker. Dette er eit samarbeid mellom kommunikasjons-byrået PR-operatørene, medieanalyse-byrået Retriever og meiningsmålings-instituttet YouGov.

Mange er misfornøgde med Trump-dekninga

Berre halvparten av dei som svarte på undersøkinga, syntest dekninga av Donald Trump har vore tilfredsstillande.

Den andre halvparten meiner dekninga har vore overdriven. Det trur Guro Lindebjerg. Ho er analysesjef i Retriever.

– Som president i Amerika har Trump ein av dei mektigaste posisjonane i verda, noko som naturleg nok inneber mykje merksemd. Når han i tillegg strør om seg med kontroversielle utsegner og dessutan er part i ei tilspissa rivalisering med Nord-Korea, aukar medieinteressa ytterlegare, seier Guro Lindebjerg.

BRYGGEN I BERGEN: Sykkel-VM er den av nyheitssakene på topplista som gjorde flest glade. Dette biletet er tatt under fellesstarten for kvinner.

ARKIVFOTO: CORNELIUS POPPE / NTB SCANPIX

Sykkel-VM vart ei gladsak

Sykkel-VM vart arrangert i Bergen i september 2017. Det er omtalt i over 8.000 saker.

I tillegg er sykkel-VM den av nyheitssakene på topplista som gjorde flest glade. Nærare 50 prosent i undersøkinga svarte at arrangementet gjorde dei svært eller litt glade. Sykkel-VM gjekk med stort underskot. Men det ser ikkje ut til å ha påverka korleis folk ser på arrangementet. Berre 18 prosent vart svært triste eller forarga av nyheiter om sykkel-VM.

– Dette tyder på at det er dei sportslege bragdene og folkefesten i Bergen som har gjort sterkast inntrykk på dei fleste, seier Nikolai Riibe.

Han er rådgivar i PR-operatørene.

Krig set kjenslene i sving

Krigen i Syria var den nest mest omtalte saka i fjor. Krigen har vorte nemnd i omtrent halvparten så mange saker som Donald Trump. Dette er den saka som forargar nordmenn mest. 96 prosent svarer at krigen gjer dei svært eller litt triste.

Truslane frå Nord-Korea om å bruke atomvåpen skaper òg reaksjonar. 93 prosent seier at saker om prøvesprengingane og rakettane har gjort dei svært eller litt triste.

PÅ FLUKT: Krigen i Syria er den saka som forargar nordmenn mest. Biletet viser flyktningar ved Tyr i Libanon.

FOTO: ALI HASHISHO / REUTERS / NTB SCANPIX