Marit Bjørgen (til venstre) og Ingvild Flugstad Østberg med gullmedaljar under Sotsji-OL.

ARKIVFOTO: LISE ÅSERUD / NTB SCANPIX

Olympiatoppen går for rekordfangst av medaljar

IdrettNoreg reiser til vinter-OL i Sør-Korea med mål om å ta fleire medaljar enn nokon gong før. Olympiatoppen satsar på 30 medaljar, der ti av dei er gull.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Det opplyser toppidretts-sjef Tore Øvrebø. Han møtte journalistane i slutten av november for å fortelje om måla.

Fakta om olympiske medaljar

Dette er landa som har tatt flest gullmedaljar i vinter-OL sidan starten i 1924. Dei som har like mange, er rangerte etter kor mange andre medaljar dei har.

  1. Noreg, 118 gull
  2. USA, 96 gull
  3. Tyskland, 78 gull
  4. Sovjetunionen, 78 gull
  5. Canada, 62 gull
  6. Austerrike, 59 gull
  7. Sverige, 50 gull
  8. Sveits, 50 gull
  9. Russland, 49 gull
  10. Finland, 42 gull

Kjelde: Wikipedia

Dei beste åra var 1994 og 2014

På det meste har Noreg tatt 26 medaljar i eitt OL. Det skjedde både i Sotsji i 2014 og på Lillehammer i 1994.

– Det er eit høgt og hårete mål, men det er ei form for temperaturmålar på tilstanden i norsk vinteridrett. Vi meiner 30 medaljar er mogleg, seier Øvrebø til nyheitsbyrået NTB.

– Vi har mykje erfaring frå før, og vi veit korleis utviklinga har vore sidan Sotsji. Vi har trua på at medalje-moglegheitene har vakse sidan da. Samtidig har vi jobba med idretten og spurt dei ulike aktørane kva dei trur dei kan oppnå, seier han.

Han trefte godt sist

Toppidretts-sjefen spådde òg før OL i Sotsji kor mange medaljar Noreg skulle ta. Da trefte han heilt nøyaktig på 26. Det vart elleve gull, fem sølv og ti bronsemedaljar.

– Det var jo litt tilfeldig at vi trefte akkurat, men vi har ei viss kjensle for korleis vi ligg an. 30 medaljar er kjempehøgt, men det er eit kvalitetssikra tal, seier Tore Øvrebø.

Mange av medaljane er venta i øvingar der Noreg bruker å gjere det bra.

– Det er somme idrettar som har mange sjansar, som langrenn og skiskyting. Andre har færre sjansar, og der er vi avhengige av full klaff, seier Øvrebø.

MÅL: Toppidrettssjef Tore Øvrebø og Olympiatoppen satsar på 30 medaljar under vinter-OL i februar.

ARKIVFOTO: HEIKO JUNGE / NTB SCANPIX

Målet er å komme i topp tre

I 2014 vart Noreg opphavleg slått av heimenasjonen Russland. Men Den internasjonale olympiske komiteen (IOC) har etterpå inndratt medaljane til fleire av dei russiske utøvarane. Det skjedde etter avsløringa av omfattande doping.

Dermed gjekk Noreg forbi Russland, som til slutt vart land nummer fire på lista.

I år er målet at Noreg skal vere blant dei tre beste nasjonane.

– Og da må vi òg ta ein del gull. Har vi flaks, tar vi fleire enn ti. Men er vi uheldige med sjukdom, skadar eller anna, så blir det eit veldig tøft mål, seier Tore Øvrebø.

Paralympics kjem etterpå

Etter OL kjem Paralympics. Der er målet sju medaljar. Olympiatoppen håper Noreg blir blant dei ti beste nasjonane.

Både dei olympiske og dei paralympiske leikane blir arrangerte i den sørkoreanske byen Pyeongchang. OL varer frå 9. til 25. februar, mens paralympiaden går frå 8. til 18. mars.