MEST: Laks er den viktigaste arten for norsk sjømateksport og stod for 68 prosent av verdien i fjor.

ILLUSTRASJONSFOTO: MARTE CHRISTENSEN / NTB SCANPIX

Ny rekord for eksport av norsk sjømat

ØkonomiNoreg eksporterte 2,6 millionar tonn sjømat i 2017. Verdien var på 94,5 milliardar kroner. Det er ein auke på 3 prosent frå rekordåret 2016.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Det opplyser Norsk Sjømatråd. Renate Larsen er administrerande direktør i rådet.

– 2017 var enda eit fantastisk år for norsk sjømateksport. Eksportverdien auka med 3 prosent, og vi ser ein vekst i verdi og volum til dei oversjøiske marknadene i Asia og USA. Samtidig var eksporten til EU uendra frå 2016, seier Larsen.

Fakta om eksport av sjømat

Desse landa kjøper mest sjømat frå Noreg. Rekkefølgja er basert på verdien.

  1. Polen
  2. Danmark
  3. Frankrike
  4. USA
  5. Storbritannia
  6. Nederland
  7. Spania
  8. Sverige
  9. Japan
  10. Italia

Auke for både oppdrett og fiske

Eksporten blir delt i to typar. Den eine er havbruk og oppdrett. Frå denne næringa eksporterte Noreg fisk for 67,7 milliardar kroner i 2017. Det er ein auke på 3,6 prosent frå året før.

Den andre delen er dei tradisjonelle fiskeria. Der vart det eksportert sjømat for 26,8 milliardar kroner i 2017. Det er ein auke på 2,4 prosent.

Laksen gav dei største verdiane

Det vart selt laks til utlandet for 64 milliardar kroner i 2017. Dermed står laksen for omtrent to tredelar av det totale salet.

I fjor auka prisane som kundane måtte betale for laks. Det har ført til at salet til Europa har gått ned.

– Sidan Europa er den dominerande marknaden for norsk laks, får ein reduksjon i laksesalet mykje å seie for eksportprisen. Dette har bidratt til lågare lakseprisar i andre halvår, seier Renate Larsen.

PÅLEGG: Fisk kan òg vere pålegg, som makrell i tomat.

ILLUSTRASJONSFOTO: LISE ÅSERUD / NTB SCANPIX

Færre satsar på aure

Torsk og makrell var òg viktige for eksporten. Auren var derimot med på å trekkje ned mengda. Samla var eksporten frå oppdrett uendra frå 2016.

Færre norske produsentar satsar på aure. I tillegg vart det slutt på eksport av aure til Russland.

Kvitfisk omfattar artar som torsk. Her gjekk mengda opp. Det gjorde òg verdien av det som vart eksportert.

– Dei norske eksportørane fekk mellom anna betre betalt for dei fleste produkta av torsk i 2017 enn i 2016, seier Renate Larsen i Norsk Sjømatråd.

TRADISJONELT: Sildefilet er ein klassikar, men kanskje ikkje det ungdommen et mest av i dag?

ILLUSTRASJONSFOTO: VIDAR RUUD / NTB SCANPIX

Asia er viktig for norsk sjømat

I 2017 auka eksporten av sjømat mest til USA, Kina og Vietnam. Noreg selde 539.000 tonn sjømat til Asia gjennom året. Prisen for dette var til saman 18,7 milliardar kroner. Det var 8 prosent meir enn året før.

Sigmund Bjørgo er Sjømatrådets utsending i Kina. Han fortel at auken kjem av at fleire får betre råd, og at det har vorte lettare å få kjøpt norsk sjømat. Bjørgo ventar at auken held fram.

Fiskeriministeren er fornøgd

Fiskeriminister Per Sandberg (Frp) er fornøgd med resultatet.

– Sjømatnæringa er ein av dei viktigaste eksportnæringane i Noreg. Og eksportrekorden i år styrkjer den posisjonen til næringa. Regjeringa har som ambisjon at sjømatnæringa skal vekse og skape fleire arbeidsplassar, seier han.

Les også: Ungdom vil ikke spise fisk