HALDBAR: Mjølka er ikkje nødvendigvis dårleg sjølv om "Best før"-datoen er passert.

ILLUSTRASJONSFOTO: TORE MEEK / NTB SCANPIX

Ny dato-merking skal hindre matsvinn

MiljøMeieri-selskapet Tine har gjort om merkinga av produkta sine. Frå no av heiter det «Best før, men ikkje dårleg etter».

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Det opplyser Lars Galtung. Han er direktør for kommunikasjon og samfunnsansvar i Tine.

Fakta om matsvinn

  • Matsvinn er menneskemat som enten blir kasta eller endar opp som noko anna enn menneskemat.
  • Samla kastar vi årleg 355.000 tonn mat i Noreg. Dette svarer til 68,7 kilo per innbyggjar. Det viste tal i 2016. Svinnet er redusert med 25.000 tonn sidan 2010.
  • Heimane står for 61 prosent av matsvinnet. Deretter følgjer matindustrien (21 prosent), daglegvarehandelen (17 prosent) og grossistane (1 prosent).

Kjelder: Matsvinn.no og Format

Merkinga gjeld òg for skolemjølk

– I første omgang får mjølk, syrna mjølk, fløyte, juice, yoghurt-pakker og skolemjølk endra merking. Målet er at alle andre produkt skal få tilsvarande merking gjennom 2018, seier Galtung.

Merkinga har vore på produkt som kom i butikkane rundt midten av januar.

Les òg: Flere krokete grønnsaker i butikkene

Tine hadde avrøysting

Tine gjer endringa etter ei avrøysting. Folk fekk høve til å stemme via Facebook-sida til meieriet.

– Vi ønskte å la forbrukarane få avgjere, og det har vore eit kjempeengasjement, seier Lars Galtung.

Han er glad for at folk tenkjer på matsvinn. Tine er klar til å halde fram kampen mot dette. Det opplyser direktøren.

Fleire har same merking

Frå før har Q-Meieriene innført slik merking.

– Matsvinn er ei stor samfunnsutfordring, og vi har felles interesse av å få ned matsvinnet i Noreg. Derfor er det veldig positivt at vi kan stå saman om ei felles merking, seier Bent Myrdahl. Han er administrerande direktør i Q-Meieriene.

I fjor byrja Prior å merkje egg med ein tilsvarande tekst.

Les òg: Planlagte storinnkjøp kan gi mer matsvinn 

Merkinga gjeld òg for skolemjølk.

ILLUSTRASJONSFOTO: GORM KALLESTAD / NTB SCANPIX