FORSKING: Skipet har plass til 55 personar totalt med mannskap, forskarar og studentar.

FOTO: TORE MEEK / NTB SCANPIX

Noregs første isgåande forskingsfartøy vist fram

TeknologiDet nye forskingsfartøyet Kronprins Haakon er eitt av dei mest avanserte i sitt slag. Isbrytaren kom til Noreg og Bergen rett før nyttår.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Forskingsskipet er bygd i Italia og kostar nesten 1,5 milliardar kroner.

Fakta om skipet Kronprins Haakon

  • Forskingsskip som er bygd for å kunne bryte gjennom is.
  • Fartøyet har ei rekkjevidd frå Tromsø til Cape Town i Sør-Afrika og tilbake.
  • Det er utstyrt med høgteknologisk utstyr for å kunne gjere mange forskjellige oppgåver.

Kjelde: Havforskningsinstituttet

Skipet har plass til 55 personar

Verftet i Italia sjøsette det i februar i fjor. Deretter har dei sett skipet i stand innvendig og testa det fram til det kunne setje kursen mot Noreg onsdag 20. desember. Ti dagar seinare var det på plass i Bergen. Der skal dei teste det meir framover.

Kronprins Haakon har eit innvendig volum på 9.000 bruttotonn og er 100 meter lang og 21 meter brei. Han har plass til 55 personar totalt med mannskap, forskarar og studentar. Skipet er bygd for å kunne gå gjennom éin meter tjukk is. Marsjfarten er på 15 knop. Skipet er designa av Rolls-Royce og har plass til to helikopter.

– Vi byrjar ein ny æra

– Med Kronprins Haakon byrjar vi i dag på ein ny æra for norsk polarforsking. Det seier Ole Arve Misund. Han er direktør ved Norsk Polarinstitutt.

Det er Norsk Polarinstitutt som eig forskingsfartøyet. Drifta skal Havforskingsinstituttet ta seg av. Universitetet i Tromsø (UiT Noregs arktiske universitet) blir den største brukaren.

Anne Husebekk er rektor ved UiT. Ho seier at Kronprins Haakon er bygd for studiar under krevjande isforhold.

– Det vil seie at skipet kan gå lenger nord og lenger sør enn andre norske forskingsfartøy. Skipet er utstyrt med topp moderne avansert utstyr. Det set oss i stand til å gjere meir komplekse studiar. Båten er stor og toler alle moglege vêrforhold, og vi planlegg forskingstokt til både Arktis og Antarktis, seier Husebekk.

LABORATORIUM: Skipet er utstyrt med topp moderne avansert utstyr.

FOTO: TORE MEEK / NTB SCANPIX

Meir testing utover våren

Verftet i Italia skulle eigentleg ha levert forskingsfartøyet for eitt og eit halvt år sidan, men vart forseinka. Det er òg verftet som har leigd inn mannskapet om bord. Dei skal bytast ut med eit norsk mannskap i februar, når Norsk Polarinstitutt og Havforskingsinstituttet har overtatt skipet.

Deretter skal Polarinstituttet og Havforskingsinstituttet teste ut skipet lenger nord fram til våren. Etter planen skal Kronprins Haakon leggje ut på den første ekspedisjonen 19. juli.