DEMONSTRERTE: Ein aukande del av befolkninga meiner det bør bli lettare for innvandrarar å få bli i Noreg. Biletet er frå ei markering mot utsendingar til Afghanistan.

ARKIVFOTO: TERJE BENDIKSBY / NTB SCANPIX

Nordmenn er meir positive til innvandrarar

SamfunnFleire meiner det bør bli lettare for asylsøkarar å få opphald i Noreg. Det viser nye tal frå SSB. Unge nordmenn er mest positive til innvandrarar.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Haldningane til innvandrarar har vorte meir positive det siste året. Det viser ei årleg undersøking frå Statistisk sentralbyrå (SSB) om temaet.

Fakta om spørjeundersøkinga

  • «Holdninger til innvandrere og innvandring» er ei årleg SSB-undersøking.
  • Statistikken er basert på ei intervju-undersøking.
  • Formålet er å kartleggje haldningane i befolkninga til ulike sider ved innvandrings- og flyktningpolitikken i landet, og til innvandrarar som gruppe.

Kjelde: SSB

Halvparten vil ha reglane som i dag

16 prosent meiner det bør bli lettare for flyktningar og asylsøkarar å få opphald i Noreg. 52 prosent meiner det bør vere som i dag. 28 prosent meiner det bør bli vanskelegare å få opphald.

I 2016 ville 12 prosent ha ei lette i reglane. 33 prosent ønskte at dei skulle bli strengare. 51 prosent ønskte ingen endringar.

Stadig færre vil ha det strengare

Svein Blom er forskar i Statistisk sentralbyrå (SSB). Han fortel korleis haldningane har endra seg over tid.

– I 2003 ønskte 56 prosent innstrammingar. Deretter har dette talet, med unntak for enkelte år, falle jamt og trutt fram til i fjor, fortel forskaren.

To av tre meiner innvandrarar gjer kulturen rikare

Deltakarane skulle ta stilling til påstanden «innvandrarar flest gjer ein nyttig innsats i norsk arbeidsliv». Delen som er einig, har auka frå 66 til 71 prosent. Delen som er einig i at «innvandrarar flest er ei kjelde til utryggleik i samfunnet», sokk med 5 prosentpoeng til 27 prosent.

26 prosent meiner at innvandrarar flest misbrukar dei sosiale velferdsordningane. 30 prosent meinte det same i 2016. 68 prosent meiner at innvandrarar flest gjer det kulturelle livet i Noreg rikare, omtrent like mange som året før.

Utdanning og kontaktnett påverkar haldningane

Dei yngste er mest positive til innvandrarar. Det viser undersøkinga.

Haldningane våre heng saman med ulike faktorar. Det fortel forskar Blom.

– Utdanningsnivå og kontakt med innvandrarar er blant faktorane som betyr mest for utfallet. Høg utdanning og stor kontaktflate til innvandrarar går saman med liberale haldningar, seier han.

TIL EUROPA: 16 prosent av dei spurde meiner det bør bli lettare for flyktningar og asylsøkarar å få opphald i Noreg. Her ser du ei gruppe menneske på veg til å søkje asyl i Sverige i 2015.

ARKIVFOTO: BAX LINDHARDT / REUTERS / NTB SCANPIX

Folk i Agder og Rogaland er mest skeptiske

78 prosent seier at dei har kontakt med innvandrarar. 72 prosent svarte det i fjor. Det er færre som seier dei vil mislike å få ein innvandrer som nabo. Den delen har gått ned frå 6 til 4 prosent. Det er òg litt fleire som synest innvandrarane bør ha den same moglegheita til arbeid som nordmenn.

– Her sa 88 prosent seg einige. 65 prosent er einige i at arbeidsinnvandring frå ikkje-nordiske land bidrar positivt til norsk økonomi, seier Blom.

Innbyggjarane i Agder og Rogaland er dei som er mest skeptiske til om innvandrarar bør ha dei same moglegheitene til arbeid som nordmenn.