ULOVLEG: … men det er uvisst om nokon av dei som har brukt Popcorn Time, risikerer straff.

ILLUSTRASJONSFOTO: THOMAS WINJE ØYJORD / NTB SCANPIX

Nordmenn braut lova ved å bruke Popcorn Time

KulturFleire hundre tusen nordmenn har sett filmar og seriar på Popcorn Time. Dette liknar på tenester som Netflix. Forskjellen er at dei som eig innhaldet, ikkje får betalt.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Eigarane har heller ikkje godkjent at innhaldet deira blir delt.

Popcorn Time er gratis å bruke. Men alle som ser filmar eller seriar der, bryt åndsverklova. Det slår Follo tingrett fast i ein dom.

Fakta om fildeling

  • Fildeling er deling av datafiler. Ofte skil ein mellom to kategoriar, lovleg fildeling og ulovleg fildeling.
  • Fildelinga skjer via internett. Det skjer ved hjelp av eigne nettsider og gjerne ved at brukaren lastar ned eit program til datamaskina si.
  • Den første tenesta som vart populær, var Napster. Det skjedde i 1999. Mange av filene som var der, var ulovleg kopierte. Musikkbransjen fekk stoppa Napster i 2001.

Kjelde: Wikipedia

– Dommen er klar og tydeleg

Maria Bache Dahl er politiadvokat i Økokrim.

– Dommen er klar og tydeleg på at også dei som ser film og TV-seriar gjennom Popcorn Time, bryt åndsverklova, seier ho til nyheitsbyrået NTB.

Tenesta bruker BitTorrent

Popcorn Time bruker bittorrent-teknologi. Dette er ein måte å dele filer på. Det er nettopp denne teknologien som gjer alle brukarane til lovbrytarar.

– Eit særtrekk ved denne teknologien er at delar av fila blir henta frå eit uendeleg stort tal brukarar. Brukarar som ser filmar og TV-seriar gjennom Popcorn Time, bidrar vanlegvis sjølve til fildelinga ved at andre brukarar kan hente delar av fila frå dei mens dei ser på film. Det er denne tilgjengeleg-gjeringa frå brukarane som Follo tingrett seier at utan tvil er i strid med åndsverklova, seier politiadvokat Dahl.

Eigarane kan ha tapt ein halv milliard

Willy Johansen er leiar i Rettighetsalliansen og generalsekretær i Norsk Videogramforening.

Dei som eig rettane til filmane og seriane, kan ha tapt så mykje som 500 millionar kroner. Det sa Johansen under rettssaka.

315.000 nordmenn har nytta Popcorn Time kvar veke. Det viser ei undersøking som TNS Gallup har gjort. Aftenposten skreiv om undersøkinga i 2015.

Uvisst om nokon får straff

Økokrim håper fleire no lèt vere å bruke slike tenester.

– Dei som bruker ulovlege fildelingstenester, kan etter dette ikkje hevde at dei ikkje visste at handlingane er ulovlege, seier politiadvokat Maria Bache Dahl.

Det er ikkje klart om nokon av dei norske Popcorn Time-brukarane risikerer straff. Politiadvokaten seier Økokrim ikkje kommenterer kva saker dei startar etterforsking av. Men ho legg til at Popcorn Time-brukarane no faktisk kan risikere straff.

INTERNETT: Popcorn Time bruker BitTorrent-teknologi. Dette er ein måte å dele filer på.

ILLUSTRASJONSFOTO: LISE ÅSERUD / NTB SCANPIX

Telenor må sperre tilgangen

I november behandla Oslo tingrett ei sak om noko av det same. Da fekk Telenor pålegg om å sperre kundetilgangen til nettsider som hadde tilknyting til Popcorn Time. Det same gjaldt tolv andre selskap som leverer internett-tilgang.

Det var fleire amerikanske filmselskap som gjekk til sak. Dette var Disney Entertainment, Paramount Pictures, Columbia Pictures, Twentieth Century Fox Film, Universal City Studios og Warner Bros. Entertainment.

Domenet vart inndratt

Saka i Follo tingrett dreidde seg om domenet popcorn-time.no.

Økokrim tok beslag i denne nettadressa i mars i fjor. Adressa er eigd av Imcasreg8. Dette er ei foreining som selskapet Internet Marketing Consults har starta. Selskapet har òg danna fleire andre foreiningar med liknande namn. Det har dei gjort for å registrere domenenamn for kundane sine.

Saka blir anka. Det opplyser advokat Ola Tellesbø til NTB.