MOBBING: Fylkesmennene har fått 563 meldingar.

ILLUSTRASJONSFOTO: LOPOLO / SHUTTERSTOCK / NTB SCANPIX

Fleire elevar melder om mobbing

Helse6,6 prosent av elevane i Noreg oppgir at dei har vorte mobba minst to til tre gonger i månaden. Det svarer til 29.000 elevar. Men talet kan vere høgare. Det trur FN-organisasjonen UNICEF.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Tala kjem frå Elevundersøkinga 2017. Tala viser ein svak auke frå 2016. Da var prosentdelen 6,3.

Fakta om mobbing

Fylkesmennene tar imot meldingar om mobbesaker. Slik var fordelinga etter fylke frå 1. august til 31. desember 2017.

  • Agder – 37
  • Buskerud – 11
  • Finnmark – 30
  • Hedmark – 16
  • Hordaland – 53
  • Møre og Romsdal – 19
  • Nordland – 45
  • Nord-Trøndelag – 21
  • Oppland – 33
  • Oslo og Akershus – 95
  • Rogaland – 41
  • Sogn og Fjordane – 12
  • Sør-Trøndelag – 32
  • Telemark – 17
  • Troms – 30
  • Vestfold – 37
  • Østfold – 34
  • Til saman – 563

Statsråd vil besøkje skular

Jan Tore Sanner frå Høgre vart nyleg kunnskaps- og integreringsminister.

– Eg vil følgje godt med på dette og kjem til å besøkje mange skular i det kommande året. Eg vil søkje etter kva som verkar, kva som gir resultat, og kva som pregar dei skulane som lykkast i kampen mot mobbing, seier han til NTB.

Fylkesmennene tar imot spørsmål og meldingar om mobbing. Dei fortel at dei får fleire spørsmål frå barn, foreldre, skular og barnehagar om å hjelpe til med å løyse mobbesaker.

Les òg: Gutter sier ikke ifra om mobbing 

Sanner: Vi har null-toleranse

Fylkesmennene har fått 563 meldingar om mobbing.

– Det viser at den nye mobbelova har ført til at terskelen for å ta kontakt og få hjelp av Fylkesmannen i mobbesaker, har vorte lågare. Vi har null-toleranse mot mobbing. Det er heilt uakseptabelt at barn går på skulen med ein klump i magen, seier Jan Tore Sanner.

Han er ikkje overraska over oppgangen. Likevel seier han at det er uakseptabelt.

– Eg vil ha resultat. Eg vil ha ein nedgang. Eg vil at barn skal vere trygge når dei går på skulen, seier Jan Tore Sanner.

DIGITALT: 2 prosent av elevane svarer at dei blir mobba digitalt to til tre gonger i månaden eller oftare.

ILLUSTRASJONSFOTO: AUDUN BRAASTAD / NTB SCANPIX

Kvart fylke får ombod

Fylkesmannen i Oslo og Akershus hadde flest mobbesaker i 2017. Der var talet 95. Det lågaste talet var i Buskerud. Der var det elleve.

Kvart fylke skal få sitt mobbe-ombod. Dei skal vere på plass frå skulestart til hausten.

Les òg: Stortinget vil la mobbeofre søke om erstatning 

UNICEF trur det er meir mobbing

Kristin Oudmayer jobbar i FNs barnefond UNICEF. Ho meiner det kan vere meir mobbing enn det som går fram av undersøkinga.

Ho grunngir det med at undersøkinga er frivillig for 5.-trinnet. Elevane på det 7. og 10. trinnet må vere med.

– Vi veit at mobbinga er vesentleg høgare i dei lågare klassane, noko undersøkinga viser òg. At 5.-klassingane òg skal ta undersøkinga kvart år, er viktig for å forstå omfanget av problemet, seier Kristin Oudmayer.

På 5.-trinnet blir nær 7,8 prosent mobba av medelevar. På det siste trinnet i vidaregåande skule er mobbetalet 2,3 prosent.