REKRUTTERING: Ap-leiar Jonas Gahr Støre og stortingsrepresentant Jette Christensen besøkte ein byggjeplass i Fjell kommune i Hordaland under valkampen i 2017. Temaet var tryggleik i arbeid og rekruttering til yrkesfag.

FOTO: MARIT HOMMEDAL / NTB SCANPIX

Berre éin av fem topp-politikarar har yrkesfag

PolitikkI Arbeidarpartiet har berre 17 prosent av topp-politikarane tatt yrkesfag. Frp er partiet der flest har slik bakgrunn.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Det viser ei undersøking fagbladet Yrke har gjort. Bladet har sjekka utdanninga til over 250 stortingsrepresentantar, statsrådar, statssekretærar og politiske rådgivarar i departementa.

Fakta om yrkesfag

  • Ni av tolv studieprogram på vidaregåande nivå er yrkesfag.
  • Totalt er det 170 yrkesfag å velje blant.
  • Yrkesfag leier til fagbrev eller svennebrev.
  • Etter fagbrev er det mogleg å ta vidare utdanning.

Kjelde: NHO

Åtte av ti har allmennfag

80 prosent av politkarane har tatt allmennfag på vidaregåande. 68 prosent av dei har fullført ein bachelor-grad eller høgare grad.

Til samanlikning har berre 32 prosent av heile befolkninga utdanning på universitets- og høgskulenivå. Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Frp har flest, Høgre færrast

På Stortinget er det Frp som har den største prosentdelen representantar med yrkesfag med 32 prosent. Høgre har færrast med 10 prosent.

Siv Jensen er Frp-leiar. Ho har sjølv høgare utdanning i økonomi.

– Eg er stolt av det i den forstand at Frp viser mangfaldet i befolkninga. Det har vi alltid gitt uttrykk for ved at vi har sagt vi er eit parti for folk flest. Ein skal kjenne seg velkommen både som veljar og politikar, seier Siv Jensen.

ETTERSPURDE: Mange bedrifter treng fleire folk med yrkesfagleg utdanning.

LLUSTRASJONSFOTO: JAN HAAS / NTB SCANPIX

17 prosent i Ap har yrkesfag

I Arbeidarpartiet har seks av ti politikarar fullført høgare utdanning. 17 prosent har yrkesfagleg bakgrunn.

Dette kan vere ein del av forklaringa på nederlaget ved valet i 2017. Det trur Yngve Hågensen. Han var tidlegare leiar i arbeidstakar-organisasjonen LO. Han er òg ein veteran i Arbeidarpartiet.

– Arbeidar-rørsla vår er ikkje særleg representert på Stortinget lenger, seier Yngve Hågensen til bladet Yrke.

Kjersti Stenseng er partisekretær i Ap. Ho seier at partiet vil jobbe for å få fleire med yrkesfagleg bakgrunn.