FOTBALL: Dei som er mest aktive i idretten, er unge som bur saman foreldre, og foreldre som har barn under 19 år.

ILLUSTRASJONSFOTO: FRANK MAY / NTB SCANPIX

Undersøking: Mest frivillig arbeid for idretten

IdrettFire av ti nordmenn er aktive medlemmer i minst éin organisasjon. Nesten like mange har vore med på frivillig arbeid det siste året.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Levekårsundersøkinga 2017 er laga av Statistisk sentralbyrå. I den har dei kartlagt deltakinga i organisasjonar. Det å vere med på medlemsmøte, trening eller liknande blir rekna som aktiv medlemskap, mens verv som trenar, medlem i styre eller dugnadsarbeid blir rekna som frivillig innsats.

Fakta om frivillig arbeid

  • Det finst over 100.000 lag og foreiningar i Noreg. I dette talet er lokale lag og foreiningar som er del av ein nasjonal organisasjon, tatt med.
  • Den største organisasjons-typen målt i prosent av dei frivillige, er idrett og sport. På andreplassen ligg velforeiningar, grendelag og nærmiljø. På tredjeplassen kjem hobby, fritid, utandørsaktivitetar og sosiale foreiningar.

Kjelde: Frivillighet Norge

Éin av seks er aktive i idretten

15 prosent av alle over 16 år er aktive medlemmer av eit idrettslag. Det viser undersøkinga.

8 prosent er aktive medlemmer av musikk-, teater- eller kunst-organisasjonar. 6 prosent er aktive medlemmer av organisasjonar som engasjerer seg for miljø og menneskerettar eller humanitært arbeid.

Foreldre og unge er aktive

Dei som er mest aktive i idretten, er unge som bur saman med foreldra, og foreldre som har barn under 19 år.

Unge er oftare aktive medlemmer, mens foreldra jobbar meir frivillig. Nærare halvparten av alle par som har barn i skulealder, har arbeidd gratis for eit idrettslag éin eller fleire gonger dei siste tolv månadene.

Det å delta i ein organisasjon er mest populært blant dei som er i jobb, og blant dei som har høg utdanning. Av dei som har utdanning på grunnskule-nivå, er to av tre ikkje aktive. Blant dei som har lang utdanning, gjeld det berre halvparten.

DUGNAD: Etter sport og idrett kjem velforeiningar, grendelag og nærmiljø.

ILLUSTRASJONSFOTO: ERLEND AAS / NTB SCANPIX

Lågare i Oslo og Akershus

I Oslo og Akershus er deltakinga i organisasjonslivet litt lågare enn i resten av landet.

I desse områda er det òg færre som har gjort ein frivillig innsats for ein organisasjon det siste året. Dette gjeld 34 prosent. På resten av Austlandet er talet 40 prosent. I Agder og Rogaland ligg det på 41 prosent.

Dei religiøse organisasjonane har størst oppslutning i Agder og Rogaland. Vestlandet har den største prosentdelen personar som har gjort ein innsats for ei velforeining eller eit grendelag.

Se video om ordet dugnad: