IKKJE NOK: Forbrukarrådet meiner den gjeldande ordninga ikkje sikrar godt nok mot at reklame for usunn mat og drikke blir retta mot barn og ungdom.

ILLUSTRASJONSFOTO: MARKUS MAINKA / SHUTTERSTOCK / NTB SCANPIX

Forbrukarrådet vil ha strengare reglar for reklame mot barn

SamfunnProdusentane slepp stadig unna med reklame som engasjerer barn. Det hevdar Forbrukarrådet, som meiner reglane ikkje fungerer.

  • © NTB
  • Publisert:

Forbrukarrådet vil byte ut reglane. I staden vil rådet ha eit klart forbod mot marknadsføring av usunne produkt retta mot barn under 16 år.

Fakta om Forbrukarrådet

  • Ein interesse-organisasjon som hjelper forbrukarane og påverkar styresmakter og næringsliv i ei forbrukarvennleg retning.
  • Forbrukarrådet er statleg finansiert. Det er plassert under Barne- og likestillingsdepartementet, men står fritt politisk.
  • Blir leidd av direktør Randi Flesland. I Forbrukarrådet arbeider det rundt 130 personar.

Kjelde: Forbrukarrådet

Tine-reklame vart godtatt

Forbrukarrådet viser mellom anna til ein Tine-konkurranse for iste. Der vart folk bedt om å sende inn filmar av «bottle flipping».

Kampanjen vart klaga inn for Matbransjens Faglige utvalg (MFU).

Nyleg kom konklusjonen: MFU syntest kampanjen er grei. Det er fordi verken produktet eller marknadsføringa er retta mot barn og dermed ikkje er i strid med retningslinjene.

Forbrukarrådet reagerer

Gunstein Instefjord er fagdirektør i Forbrukarrådet. Han reagerer på at konkurransen til Tine vart godtatt.

– Enda ein gong slepp produsenten unna med å peike på at kampanjen er retta mot ungdom over 16 år. Viss Tine meiner alvor med å ikkje treffe barn, kunne dei til dømes la vere å bruke barn i 11–12-årsalderen i filmane, seier Instefjord.

Reglar mot reklame for usunn mat

Han meiner den gjeldande ordninga ikkje er god nok til å sikre at reklame for usunn mat og drikke ikkje blir retta mot barn og ungdom. Særleg gjeld det i sosiale medium.

– Enten må retningslinjene strammast inn, elles så bør helseministeren få på plass ei eigna regulering, seier Instefjord.

I retningslinjene heiter det at matbransjen ikkje skal rette marknadsføringa mot barn under 13 år. Leverandørane skal òg vere varsame med marknadsføring mot ungdom.

RETNINGSLINJER: Forbrukarrådet vil byte ut reglane.

ILLUSTRASJONSFOTO: VEGARD WIVESTAD GRØTT / NTB SCANPIX

Forbrukarrådet har klaga fleire gonger

Forbrukarrådet har tidlegare klaga Litago, Coca-Cola og fleire frukostblandingar inn for Matbransjens Faglige utvalg. Dei fekk ikkje medhald.

I alle sakene har MFU slått fast at marknadsføringa ikkje er særskilt retta mot barn og dermed ikkje i strid med retningslinjene.

Mange unge deltok i konkurransen

Det hjelper ikkje at den tenkte målgruppa for reklamen er eldre når det er barna han treffer. Det meiner Gunstein Instefjord i Forbrukarrådet.

– Dette ser vi ikkje minst i bottle flip-konkurransen, der barn godt under 15 år deltar i filmane som er sende inn. Det var òg mykje engasjement frå barn mellom 13 og 15 år på Facebook-profilen til Tine, seier han.