OVERFLOD: Julegåver er ein viktig del av jula for mange. Men mange får ting dei ikkje treng.

ILLUSTRASJONSFOTO: GORM KALLESTAD / NTB SCANPIX

Fire av fem har fått unødvendige julegåver

KulturHar du fått ei julegåve du ikkje treng? Da er du ikkje åleine. 81 prosent av oss seier det same. Det viser ei undersøking.

  • © NTB
  • Publisert:

Blant folk over 50 år seier 72 prosent at dei har fått unødvendige gåver. Dette er aldersgruppa der det er færrast som svarer ja på spørsmålet. Blant folk frå 30 til 39 år svarer så mange som 90 prosent at dei har fått unødvendige gåver. Like mange av innbyggjarane i Oslo sier det same.

Undersøkinga er gjort av Opinion for Kirkens Nødhjelp.

Fakta om geit som symbol-gåve

  • Ei symbolsk geit frå Kirkens Nødhjelp kostar 250 kroner. Mottakaren får eit gåvekort, og "geita" går til nokon som treng hjelpa.
  • Geit er ei gåve som held fram med å gi. Ei geit gir mjølk, ost, naturgjødsel og liv til enda fleire geiter.
  • Geita er ei symbolsk gåve. Pengane frå gåva kan òg gå til andre tiltak i andre prosjekt, for å støtte dei som til kvar tid treng det aller mest.

Kjelde: Kirkens Nødhjelp

Alternative gåver hjelper andre

Folk i 30-åra og Oslo-folk er dei som oftast får gåver dei ikkje treng. Det er òg desse gruppene som helst kan tenkje seg alternative julegåver. 77 prosent av folk i 30-åra og 70 prosent av Oslo-folka seier dei kan like det. I befolkninga generelt seier 65 prosent at dei liker alternative gåver. Men berre 34 prosent har fått det.

Anne-Marie Helland er generalsekretær i Kirkens Nødhjelp.

– Når så mange får noko dei ikkje treng, tenkjer vi at vi har ei løysing på dette med symbolske eller alternative gåver. Desse utgjer ein verkeleg forskjell for personar som faktisk treng det, seier Helland.

Dei har selt 65.000 geiter

Omgrepet «alternative julegåver» byrja å breie om seg i media i 2006. Da hadde Kirkens Nødhjelp opna for å kjøpe ei symbolsk geit til nokon som trong det. Det er til no selt 65.000 slike geiter.

I dag finst det mange typar alternative julegåver. Fleire organisasjonar har slike gåver på nettsidene sine.

– Vi har i dag eit stort utval, også ein del fysiske produkt, slik at folk både får ein presang og får vite at overskotet går til eit godt føremål, sier Helland.

Kvinner mest positive til alternative gåver

Kvinner er meir positive enn menn når det gjeld alternative gåver. 72 prosent av kvinnene kan tenkje seg ei alternativ gåve. Det kan til dømes vere ei symbolsk geit, ein pakke med nødhjelp eller eit fadderskap. 57 prosent av mennene seier det same.

24 prosent av kvinnene og 38 prosent av mennene seier at dei ikkje vil ha alternative gåver til jul.

Alternative gåver blir òg kalla «gåver med meining». Dette er presangar som kjem nokon som treng hjelp, til gode.

POPULÆR: Ingen alternative gåver har vorte meir populære enn geita.

ILLUSTRASJONSFOTO: BERIT KEILEN / NTB SCANPIX

Besteforeldre gir fadderskap i gåve

Kirkens Nødhjelp har selt 80 prosent fleire «gåver med meining» dei siste tre åra. SOS-barnebyar, Plan International Norge, Flyktninghjelpen og UNICEF merkar òg at slike gåver interesserer og gir inntekter.

Det er ikkje berre vaksne som «har alt» som får slike presangar. Det fortel kommunikasjonssjef Synne Rønning i SOS-barnebyer.

– Folk som har tatt kontakt med oss no før jul, har ønskt å gi gåvekort til SOS-barnebyer i staden for julegåver. Og fleire besteforeldre synest det er fint å gi eit fadderskap i julegåve til barnebarna, seier Rønning.

Aktuelle saker påverkar valet

NTB har snakka med fleire organisasjonar. Dei seier at aktuelle saker pregar kva slags gåver folk vel.

Varme klede og pledd til barn i Syria er blant dei mest populære gåvene frå UNICEF. Flyktninghjelpen har byrja å selje fleire gåvekort som sikrar vern til jenter og kvinner. Det fortel Rune Johansen. Han er innsamlingsleiar i Flyktninghjelpen.