LØGN! USAs president Donald Trump har gong på gong skulda media for å komme med falske nyhende. Eller "fake news", som han kallar det.

FOTO: LEE JUN-MAN / REUTERS / NTB SCANPIX

«Falske nyhende» er årets nyord

KulturOmgrepet fekk konkurranse av «svenske tilstandar», «oktoberbarn» og «lillaveljar». Men «falske nyhende» er årets ord. Det meiner Språkrådet.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Omgrepa «plastkval», «lynladar» og «imamsleikar» var òg med i vurderinga. Men «falske nyhende» gjekk altså til topps i kåringa.

Fakta om årets ord tidlegare år

  • 2016: kvardagsintegrering / hverdagsintegrering
  • 2015: det grøne skiftet / det grønne skiftet
  • 2014: framandkrigar / fremmedkriger
  • 2013: sakte-TV
  • 2012: å nave (naving)
  • 2011: rosetog
  • 2010: oskefast/askefast
  • 2009: svineinfluensa
  • 2008: finanskrise

Kjelde: Språkrådet

Fleire nyord frå politikken

Det er Språkrådet og Gisle Andersen som kårar årets ord. Andersen er professor ved Norges handelshøyskole (NHH).

Kvart år blir det kåra det ein vinnar. Ordet er ofte eit nyord. Det kan òg vere eit ord av nyare dato som har prega året som har gått.

Lista har fleire ord og frasar frå debattar i politikk og medium. «Imamsleikar» er eit eksempel på det. Samtidig har språket vårt fått påfyll frå ny teknologi og andre nyvinningar.

Bruken av omgrepet har eksplodert

Omgrepet «falske nyhende» er ikkje heilt nytt. Men det har vorte mykje vanlegare å bruke i år. Det fortel Ole Våge. Han er seniorrådgivar i Språkrådet.

– Bruken av frasen «falske nyhende» har eksplodert det siste året. Det er det mest brukte nyordet blant kandidatane i år. Frasen speglar kampen om sannferdige nyhende i den offentlege debatten på ein heilt ny måte, både i Noreg og elles i verda, seier Ole Våge.

Lista er elles prega av stortings-valkampen i haust.

SPREIER SEG: Falske nyhende spreier seg fort i sosiale medium som Facebook.

FOTO: MARIANNE LØVLAND / NTB SCANPIX

Debatten har vorte hardare

– Fleire av orda, som «imamsleiking» og «svenske tilstandar», viser at norsk politisk debatt har gått over i eit høgare gir. Spissformuleringar og negative karakteristikkar blir stadig vanlegare, seier professor Gisle Andersen ved NHH.

Språkrådet har brukt dataverktøy for å finne årets ord. Dei har fanga opp nye ord frå mange store aviser i Noreg.

Ord som er aktuelle og mykje brukte, kan bli med i konkurransen. Orda skal helst vere levedyktige og kreative. Dei skal òg ha gode språklege kvalitetar.