IKKJE EKTE: Ein liksom-bitcoin, for valutaen finst ikkje i fysisk form, berre digitalt.

FOTO: DADO RUVIC / REUTERS / NTB SCANPIX

Enorm interesse for bitcoin

ØkonomiBitcoin er ein såkalla krypto-valuta. På seks år har han vorte nesten 19.000 gonger meir verd. No spør fleire seg om dette er ei boble som kjem til å sprekke.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Kan du sjå for deg kor stor auken er? Viss du kjøpte bitcoins for ein hundrelapp i 2011, hadde du no hatt verdiar for nesten 1,9 millionar kroner.

I 2011 kosta 1 bitcoin mindre enn 1 dollar. I byrjinga av 2017 låg bitcoin-kursen rundt 1.000 dollar, og det siste halvåret har prisen nærmast eksplodert.

Fakta om bitcoin

  • Bitcoin er ein digital valuta. Valutaen vart laga i 2009 av ein person kjent under namnet Satoshi Nakamoto.
  • Ein digital valuta kan berre vekslast elektronisk. Det finst ikkje myntar og setlar. Marknaden avgjer kor mykje valutaen er verd. Derfor kan han i prinsippet forsvinne når som helst.
  • Bitcoin blir laga av dataprogram. Programma set grenser for kor store beløp som kan lagast. Dette skal hindre inflasjon, altså at valutaen blir mindre verd.
  • Ein person kan overføre bitcoin-beløp frå ein person til ein annan over heile kloden. Det skjer utan at nokon andre er innblanda.

Kjelder: Wikipedia, NTB

Prisen har altså 19-dobla seg

1 bitcoin kosta mandag 18. desember over 19.000 dollar, nesten 160.000 kroner. Prisen har altså 19-dobla seg på under eitt år.

Den kraftige veksten har lokka til seg mange som vil investere pengar i bitcoin. Veksten har òg ført til mykje kritikk. Mange tolkar prisutviklinga som ei gigantisk boble.

Robert Schiller er professor i økonomi og tidlegare vinnar av nobelprisen. Han er ekspert på slike bobler.

– Det beste eksempelet på ei boble no er bitcoin, sa Schiller i september i år.

Valutaen kan bli brukt av kriminelle

Også den amerikanske avisa Wall Street Journal skriv at bitcoin kan vere ei boble. Truleg kan det bli den mest dramatiske bobla nokosinne. Grunnen er at det er investert enorme verdiar i valutaen, og mange er urolege for kva som kan skje viss bobla sprekk.

I tillegg seier kritikarane at bitcoin truleg blir mykje brukt av kriminelle. Ein av fordelane med valutaen er at han gjer det mogleg å kjøpe og selje anonymt over internett. Det er naturleg nok ein fordel for dei som vil kjøpe ulovlege varer.

Utvinning gir enormt straumforbruk

Det enorme straumforbruket i bitcoin-nettverket er òg problematisk. Den såkalla utvinninga av bitcoin forbrukar meir straum enn heile Irland. Det skriv avisa Guardian. Avisa viser til tal frå Digiconomist.

«Utvinning» betyr i denne samanhengen å stille data-kapasitet til rådvelde for bitcoin-nettverket. Dei som gjer det, blir påskjønna med nye bitcoins.

Dei store bankane og finans-selskapa har til no halde seg unna bitcoin. Grunnen er dei store svingingane i prisen og at dei går ut frå at valutaen kan koplast til kriminalitet. Jamie Dimon er toppsjef i banken JPMorgan Chase. Han har kalla bitcoin for «svindel».

A man touches a screen of a bitcoin ATM in Vilnius, Lithuania December 6, 2017. REUTERS/Ints Kalnins

KJØP: Ein minibank for kjøp av bitcoin i den litauiske hovudstaden Vilnius. FOTO: INTS KALNINS / REUTERS / NTB SCANPIX

Krypto-valuta kan verke i kriser

Dei som er tilhengjarar av valutaen, meiner likevel at bitcoin kan bli viktig i framtida. Det gjeld òg andre slike nett-valutaer. Teknologien som ligg bak dei såkalla krypto-valutaene, gjer det mogleg å handle nærmast kva som helst trygt over nettet. Det meiner tilhengjarane.

Det kan komme krise-situasjonar der dei vanlege systema for betaling sviktar. Da er det mellom anna mogleg å bruke krypto-valutaer i staden. Det skriv nyheitsbyrået AP.

Nettsidene til børsen var utilgjengeleg

Det kan hende at fleire av dei store finans-selskapa vil sleppe til bitcoin. Det kan vere forklaringa på at kursen har auka så mykje dei siste månadene.

Nyleg byrja ein børs i den amerikanske byen Chicago med ei form for bitcoin-handel. Det dreier seg om såkalla futures-handel. Dette er ein kontrakt om framtidig kjøp eller sal til ein bestemt pris. Trafikken på nettsida til børsen var så stor at har var utilgjengeleg i 20 minutt etter at handelen starta.