SPENNING: Ein arbeidar ved inngangen til Teslas batterianlegg i South Australia.

FOTO: DAVID GRAY / REUTERS / NTB SCANPIX

Det største batteriet i verda skrudd på

TeknologiTesla har bygd det som er det største litium-ion-batteriet i verda, i Australia. Styresmaktene meiner det er eit stort framsteg for fornybar energi.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Batteriet er kopla til eit vindkraftverk. Kraftverket blir drive av det franske selskapet Neoen og ligg ved Jamestown. Denne småbyen ligg rundt 20 mil nord for Adelaide i delstaten South Australia.

Fakta om elektriske batteri

  • Eit elektrisk batteri eller ein akkumulator har potensiell energi i form av kjemisk energi.
  • Batteriet inneheld to halvceller, som saman kan produsere elektrisk straum ved ein kjemisk prosess.

Kjelde: Wikipedia

Tesla-sjefen lovde stort batteri

Tesla er mest kjent for å lage elbilar. Elon Musk er sjef for Tesla. I juli i år lovde han å byggje eit batteri på 100 megawatt. Det skulle han klare på 100 dagar. Dersom han ikkje klarte det, skulle styresmaktene få det heilt gratis.

Batteriet er stort nok til å forsyne 30.000 husstandar med straum.

Styresmaktene fekk kritikk

Jay Weatherill var den som slo på brytaren på batteriet. Han er leiar for styresmaktene i delstaten South Australia.

Delstats-styresmaktene fekk mykje kritikk i september i fjor. Da førte ein storm til at straumen gjekk i heile delstaten.

FORNYBART: Batteriet får straum frå vindmøller.

FOTO: DAVID GRAY / REUTERS / NTB SCANPIX

Store utslepp av klimagassar

Australia er ein kolprodusent. Det er eitt av landa i verda med størst utslepp av klimagassar per innbyggjar.

– Fullføringa av det største litium-ion-batteriet i verda på rekordtid viser at løysingar innan fornybar, effektiv energi er mogleg.

Det skriv Tesla i ei fråsegn om batteriet.