TINGRETTEN: Det var lang kø utanfor Oslo tingrett da rettssaka skulle starte.

FOTO: HEIKO JUNGE / NTB SCANPIX

Stor interesse for norsk klimarettssak

MiljøEi historisk klimarettssak har starta i Oslo tingrett. Det er stor nasjonal og internasjonal interesse for saka.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

I 2016 opna staten for meir oljeleiting i Barentshavet. Ein del miljøvernarar meiner det bryt med miljøparagrafen i Grunnlova. Greenpeace, Natur og Ungdom og Besteforeldrenes klimaaksjon har derfor saksøkt staten.

Miljøvernarane meiner òg at oljeboring er i strid med Parisavtalen.

Fakta om miljøparagrafen

  • I paragraf 112 i Grunnlova står det: «Alle har rett til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir haldne ved lag. Naturressursane skal disponerast ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte som tryggjer denne retten òg for kommande slekter. Borgarane har rett til kunnskap om korleis det står til med naturmiljøet, og om verknadene av planlagde og iverksette inngrep i naturen, slik at dei kan tryggje den retten dei har etter førre leddet. Dei statlege styresmaktene skal setje i verk tiltak som gjennomfører desse grunnsetningane.»

Kjelde: Lovdata

Advokat: – Har aldri hatt oljeboring i iskantsona

Staten skal verne om naturen og miljøet for framtidige generasjonar. Det står det i Grunnlova. Da burde ikkje staten opne for oljefelt i nye delar av Barentshavet. Det meiner advokaten til miljøvernarane, Cathrine Hambro.

– Aldri tidlegare har vi i Noreg hatt oljeboring i iskantsona og så langt frå land. Oljesøl vil vere ein katastrofe i dette området. Desse vedtaka er fullstendig uakseptable sett frå eit miljøperspektiv, sa Hambro i retten.

Regjeringa meiner dei ikkje har brote lova. Fredrik Sejersted er advokaten til regjeringa. Og sikring mot miljøskadar er ein integrert del av den norske oljepolitikken. Det poengterte Sejersted.

Første klimarettssaka i Noreg

Dette er den første klimarettssaka i Noreg. Elles i verda har det vore fleire hundre slike saker. Men få av dei har vunne fram i retten.

Mange følgjer spent med på det som skjer i Oslo tingrett. Også i utlandet får saka merksemd. Der går det fleire liknande saker no. Det seier jussprofessor Ole Kristian Fauchald til NRK. Han arbeider ved Universitetet i Oslo.

– Det som skjer i Noreg i denne saka, får mykje å seie for korleis desse spørsmåla kjem til å bli vurderte andre stader, seier Fauchald.

Saka held fram i Oslo tingrett fram til 24. november.

SAKSØKARAR: Truls Gulowsen er leiar i Greenpeace Norge, mens Ingrid Skjoldvær er leiar i Natur og Ungdom.

FOTO: HEIKO JUNGE / NTB SCANPIX