HAT: Hatkriminalitet er lovbrot som har bakgrunn i negative haldningar til andres religion eller livssyn, hudfarge, nasjonalt eller etnisk opphav, legning eller nedsett funksjonsevne.

ILLUSTRASJONSFOTO: SARA JOHANNESSEN / NTB SCANPIX

Stadig fleire melder hatkriminalitet til politiet

SamfunnI 2016 fekk politiet 466 meldingar av hatkriminalitet. Det er 34 prosent fleire enn året før.

  • © NTB
  • Publisert:

Tala kjem fram i ein ny rapport frå Politidirektoratet om hatkriminalitet.

Kristin O. Kvigne jobbar i politifagavdelinga i direktoratet.

– Politidirektoratet vurderer auken i talet på meldingar som positiv. Vi reknar med at det har samanheng med at fleire saker blir avdekte og registrerte, seier Kvigne.

Fakta om hatkriminalitet

  • Politiet har laga ein definisjon på kva som er hatkriminalitet. Det er lovbrot som har bakgrunn i negative haldningar til andres religion eller livssyn, hudfarge, nasjonalt eller etnisk opphav, legning eller nedsett funksjonsevne.
  • I 2016 var det 466 meldingar for hatkriminalitet. Talet i 2015 var 347. I 2014 var det 223.

Kjelde: Politiet

Det er flest i hovudstaden

Oslo har heilt klart flest politimeldingar for hatkriminalitet. I 2016 vart det registrert 182 meldingar i dette politidistriktet. Det er nærmare 40 prosent av det totale for landet.

– Oslo politidistrikt har i fleire år hatt ei hatkrim-gruppe. Prioriteringa av dette kriminalitets-området i politidistriktet, har truleg bidratt til at fleire forhold blir melde, og at politiet identifiserer hatmotiv.

Det skriv Politidirektoratet i rapporten.

Det aukar nesten alle stader

Nesten alle politidistrikta får fleire meldingar. Unntaket er Troms. Der er det like mange som året før, seks.

To tredelar av sakene som vart melde i 2016, hadde med hudfarge eller etnisk opphav å gjere. 19 prosent hadde samanheng med religion eller livssyn. 12 prosent hadde med legning å gjere. 7 prosent av sakene gjaldt nedsett funksjonsevne.

SEIER IFRÅ: Politiet får stadig fleire meldingar av hatkriminalitet.

ILLUSTRASJONSFOTO: HEIKO JUNGE / NTB SCANPIX

Det kan vere ein reell auke

I rapporten skriv politiet òg ein del om kva dei trur er grunnen til at meldingane blir fleire.

– Hovudgrunnen til auken dei siste åra er truleg at hatkriminalitet har fått auka merksemd både i allmenta og i politiet, og at fleire saker derfor blir avdekte. Det er eit mål å auke talet på politimeldingar og dermed redusere mørketala, men vi kan ikkje sjå vekk frå at ein del av auken kjem av ein reell auke i talet på straffbare forhold.

160 av politimeldingane i fjor handla om vald. 290 var i kategorien «anna». Dette omfattar mellom anna hatefulle ytringar og diskriminering.