VURDERING: PST-sjef Benedicte Bjørnland under den førre presentasjonen av trusselvurderinga.

FOTO: STIAN LYSBERG SOLUM / NTB SCANPIX

PST meiner risikoen for terror har vorte mindre

SamfunnDet er «mogleg» at Noreg kan bli utsett for eit terrorangrep, meiner PST. Tidlegare vurderte dei det som «sannsynleg».

  • © NTB
  • Publisert:

Det er Politiets tryggingsteneste (PST) som vurderer det såkalla trusselbiletet. Onsdag 22. november presenterte PST ei oppdatering.

PST peikar samtidig på at terrortrusselen mot mange vestlege land framleis er alvorleg, og at trusselen går på tvers av landegrensene.

Fakta om trusselvurderinga

PST bruker denne skalaen når dei vurderer sannsynet for eit kommande angrep:

  • Svært sannsynleg
  • Sannsynleg
  • Mogleg
  • Lite sannsynleg
  • Svært lite sannsynleg

Kjelde: Politiets tryggingsteneste

Kniv og køyretøy kan bli brukt

– Ein eventuell terroraksjon i Noreg kjem sannsynlegvis til å vere av same typen som ein har sett elles i Europa. Dette betyr at metodar som bruk av kniv og køyretøy mot mål med få tryggings-tiltak og mange sivile er aktuelle her òg.

Det skriv PST i oppdateringa.

Den førre trusselvurderinga gjekk ut på at det var sannsynleg med eit terrorangrep i Noreg. Den kom 9. april i år. To dagar før hadde ein lastebil køyrt inn i ei folkemengde i Stockholm sentrum.

17-åring tatt med eksplosiv

Dagen etter tok politiet ein 17 år gammal gut med heimelaga eksplosiv på Grønland i Oslo.

Guten vart først sikta etter terror-paragrafane i straffelova. Seinare vart det endra til ulovleg omgang med eksplosivt materiale. Den 30. oktober vart han dømd til ni månaders fengsel. PST har anka dommen.

PST slår fast at dei ikkje ser noko teikn på at andre var blanda inn i det som skjedde.

– Etterforskinga har ikkje avdekt at gjerningspersonen hadde noko med terrorangrepet i Stockholm å gjere, men at han var inspirert av angrepet. Vidare ser vi ein lågare grad av organisert radikalisering til ekstrem islamisme. I tillegg er det få framandkrigarar som reiser ut av landet, og få som har returnert den siste tida, skriv PST.

SIKRING: Nyleg vart det sett ut store blomsterkasser i Oslo sentrum. Desse skal hindre terroristar med bil.

FOTO: SOLVEIG VIKENE / NTB SCANPIX

Ekstreme islamistar finst i Noreg

Internasjonale terrorgrupper ser framleis Noreg som ein fiende. Det meiner PST. Men dei seier vår plass ikkje er sentral samanlikna med andre land.

– I Noreg finst det ekstreme islamistar som kan følgje oppmodingane til internasjonale terrorgrupper om å gjere valdshandlingar der ein er. Vi må framleis rekne med forsøk på terror her til lands, strekar PST under.

PST minner om at det er vanskeleg å sikre seg fullstendig mot terrorangrep. Det gjeld særleg når det ikkje er store grupper som står bak, eller når planlegginga ikkje er omfattande.