PÅ SKULEN: Som hovudregel kan elevane i vidaregåande skule ikkje ha meir enn 10 prosent fråvær viss dei skal få vurdering i eit fag.

ILLUSTRASJONSFOTO: THOMAS BRUN / NTB SCANPIX

Nedgang i fråværet med nye reglar

HelseFråværet har falle med 30 prosent etter at den nye fråværsgrensa i vidaregåande vart innført. Men fleire fylke har ein aukande del elevar som fell ut av fag.

  • © NTB
  • Publisert:

Fråværsgrensa er omstridd, og mange elevar har protestert. Den nye regelen vart innført frå august 2016. Nyleg kom dei endelege tala for fråværet i skuleåret 2016–2017. Det er Utdanningsdirektoratet som har laga oversikta.

Det gjennomsnittlege fråværet når det gjeld heile dagar, er redusert med 33 prosent. Time-fråværet har gått ned med 29 prosent.

Fakta om fråværsgrensa

  • Fråværsgrensa i vidaregåande skule vart innført frå skuleåret 2016–17. Regelen seier at ein ikkje kan ha meir enn 10 prosent fråvær i eitt fag for å få karakter i faget. I spesielle tilfelle kan det likevel givast karakter når fråværet er opptil 15 prosent.
  • Fråværsgrensa gjeld udokumentert fråvær. Grensa gjeld ikkje for fråvær på grunn av mellom anna dokumentert sjukdom, organisasjons-arbeid og politiske verv.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Fråværet halvert hos dei med mest

På studiespesialiserande linje var fråværet det siste året før den nye regelen kom, i snitt fem dagar og tolv timar per år. No er det tre dagar og ni timar. På yrkesfag har fråværet gått ned frå i snitt seks dagar og tolv timar til tre dagar og sju timar.

Fråværet er nesten halvert blant elevane som hadde det høgste fråværet.

Dags-fråværet har gått ned i alle fylke, men nedgangen er størst i Oslo og Finnmark. Også time-fråværet har gått ned i alle fylka, men Finnmark har hatt den største nedgangen.

Rektorane er urolege

Forskings-stiftinga Fafo har laga ein rapport om erfaringane skulane og rektorane har gjort seg med fråværsgrensa. Rapporten vart lagd fram same dagen som tala frå Utdanningsdirektoratet kom. Rapporten heiter «Redusert fravær, men …». Med dei nye reglane må elevane dokumentere fråværet sitt. Rektorane meiner det er ein fordel for elevar som kjem frå ressurs-sterke heimar. Der har foreldra pengar nok til legetimar og legeattestar for barna.

Rektorane fortel at elevar og foreldre som har dårleg råd, slit med å betale for legetimar og å skaffe dokumentasjon for fråvær.

Fråværsgrensa fører til sosiale forskjellar og at dei som er utanfor, held fram med å vere utanfor. Det meiner forskarane som har laga rapporten.

FORNØGD: Kunnskapsminister Henrik Asheim.

ARKIVFOTO: BERIT ROALD / NTB SCANPIX

Kunnskapsministeren er fornøgd

Henrik Asheim frå Høgre er kunnskapsminister. Han meiner dei nye tala viser at rektorane ikkje hadde grunn til å uroe seg.

– Fafo-undersøkinga vart gjort før sommaren og dreier seg om forventningane skuleeigarane og rektorane hadde til ordninga. Mange var urolege for at fråværsgrensa skulle slå uheldig ut for dei mest utsette elevane, men dette har heldigvis ikkje skjedd, seier Asheim til nyheitsbyrået NTB.

Færre elevar fekk ikkje vurdering

Ein del hadde frykta at fleire elevar no ikkje skulle få vurdering i fag på grunn av høgt fråvær. Slik har det ikkje vorte. Faktisk har talet på elevar som ikkje får vurdering, gått litt ned. Det understrekar kunnskapsministeren.

Samtidig er det forskjellar mellom fylka. Både Aust-Agder, Hedmark, Akershus, Vestfold og Telemark har hatt ein auke i delen elevar som ikkje har vurderingsgrunnlag i minst eitt fag.

Fafo-rapporten har funne store forskjellar i korleis fylka og skulane bruker reglane. Forskarane åtvarar om at regelen truar ideen om at alle elevar skal behandlast likt.

Kunnskapsministeren svarer at forskjellane mellom skular og fylke er noko ein må ta tak i.

Press på legane

Den nye fråværs-ordninga har lagt press på fastlegane her i landet. Det skriv forskarane hos Fafo.

Fleire legar har opplevd stor pågang av elevar som treng dokumentasjon for mindre alvorlege sjukdommar. Det går igjen ut over andre grupper av pasientar. Fleire legetimar for småplager har auka utgiftene for det offentlege.

– Det er ei dyr ordning, både for elevane og for samfunnet, seier ein fastlege som er sitert i undersøkinga.

– Dyrt når elevane ikkje fullfører

Kunnskapsminister Henrik Asheim er ueinig med denne legen.

– Noko av det dyraste for eit samfunn er når unge menneske fell ut av vidaregåande skule og ikkje fullfører, seier Asheim.

Han viser til at desse elevane kan falle ut av arbeidsliv og utdanning. Samtidig er han open for å finne andre måtar å dokumentere fråværet på.