ØYET: Rundt 700 millionar menneske har dysleksi. Det svarer til rundt kvar tiande person i verda.

ILLUSTRASJONSFOTO: SARA JOHANNESSEN / NTB SCANPIX

Forskarar kan ha funne årsaka til dysleksi

HelseDet kan vere mogleg å behandle dysleksi. Det meiner to franske forskarar. Dei trur forklaringa ligg i cellene som tar imot lys i auget.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Hos dyslektikarane er desse cellene plasserte i mønster som passar saman i begge auga. Det kan gjere hjernen forvirra ved at det oppstår doble bilete, eller spegelbilete.

Fakta om dysleksi

  • Dysleksi eller ordblinde er lese- og skrivevanskar.
  • Ordet kjem frå gresk og betyr direkte omsett «vanskar med ord».
  • Dysleksi gir hjernen ei svekt evne til å gjere om skrifta som auga oppfattar, til språk med meining. Motsett veg er det vanskeleg å gjere språk om til skrift.

Kjelde: Wikipedia

Cellene er i ulikt mønster

Hos folk som ikkje har dysleksi, er dei same cellene plasserte i ulike mønster. Dermed kan signala frå det eine auget overskrive signala frå det andre auget. Slik blir det skapt eitt enkelt bilete i hjernen. Det forklarer forskarane i eit intervju med nyheitsbyrået AFP.

– Observasjonane våre gjer at vi meiner vi faktisk har funne ei mogleg årsak til dysleksi, seier Guy Ropars. Han arbeider ved universitetet i byen Rennes.

Dyslektikarar kan blande «b» og «d»

Forskaren forklarer at den manglande ulikskapen kan vere den fysiologiske eller kroppslege forklaringa på lese- og skrivevanskar. Dyslektikarar kan til dømes blande saman bokstavane «b» og «d». Det er fordi dei er spegelvende.

Studien er publisert i tidsskriftet Proceedings of the Royal Society B.

DYSLEKSI: Statsminister Erna Solberg besøkte nyleg Filip (10) på Manglerud skule i Oslo. Han har dysleksi. Det har statsministeren òg.

FOTO: HÅKON MOSVOLD LARSEN / NTB SCANPIX

Forskarane laga enkel metode

Guy Ropars har forska saman med kollegaen Albert le Floch. Dei har laga ein ganske enkel metode for å gjere noko med dysleksi.

Forskarane har sett inn i auga på folk ved hjelp av lys som blenker så fort at det blir usynleg. Testpersonane vart utsette for det blenkande lyset mens dei las. Dei oppfattar da berre biletet frå eitt av auga.

Forskar Ropars kallar framgangsmåten «den magiske lampa». Men han seier det trengst fleire studiar. Først da kan forskarane seie heilt sikkert at metoden verkeleg verkar.

Rundt 700 millionar menneske har dysleksi. Det svarer til rundt kvar tiande person i verda.