JULESONG: Skulen ville vite kva julesongar elevane fekk lov til å syngje.

ILLUSTRASJONSFOTO: SPEEDKINGZ / SHUTTERSTOCK / NTB SCANPIX

Foreldre slepp å krysse av julesongar

KulturForeldra måtte eigentleg krysse av for kva julesongar barna fekk syngje på skulen. No har skulen ombestemt seg.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Nylund skule i Stavanger har byrja å planleggje førjulstida. Skulen bad foreldra om å krysse av for om ungane deira skulle få vere med på jule-gudsteneste.

Skulen ville òg vite kva julesongar barna deira fekk lov til å syngje. På lista stod det songar både med og utan religiøst innhald. Det skriv Stavanger Aftenblad.

Fakta om julesongar

  • Julesongar er songar som særleg blir sungne i tida rundt jul.
  • Tekstane handlar ofte om jesusbarnet, julefeiringa eller vinteren. Men songane kan òg ha med jula som tradisjon å gjere utan å ha «juleinnhald».
  • Ein del julesongar finst på fleire språk og blir sungne i ulike delar av verda. Andre songar er meir lokale.
  • Mange av dei moderne julesongane vart skrivne på 1800-talet. Men det finst både eldre og nyare songar.

Kjelde: Wikipedia

Avkryssinga vart komplisert

Nylund skule meinte det godt. Skulen brukte mykje tid på å jobbe med informasjon om jule-arrangementa. Det forklarer skulesjef Jørn Pedersen. Men no droppar skulen ordninga.

– Avkryssing av julesongar er unødig komplisert for både lærarar og foreldre, seier Pedersen.

Foreldra skal no sjå vekk frå informasjonen dei fekk frå skulen.

Foreldra fekk liste med songar

Ein del av songane på lista hadde religiøst innhald. Det var «Tenn Lys», «Det lyser i stille grender» og «Et barn er født i Betlehem». For elevane på det sjette trinnet stod i tillegg «Adventsnatt», «Pie Jesu» og «The Little Drummer Boy» på lista.

Foreldra måtte òg ta stilling til songane «Et lys», «På låven sitter nissen», «Juletrall», «Den lure nissen» og «We Wish You a Merry Christmas».

TRADISJON: Mange skular arrangerer gudstenester og julesamlingar før juleferien.

ILLUSTRASJONSFOTO: HEIKO JUNGE / NTB SCANPIX

Delte meiningar blant lærarane

Elevane får tilbod om å gå på julegudsteneste. Parallelt med gudstenesta skal det vere ei julesamling på skulen.

Driftsstyret ved skulen hadde lagt planen for jule-markeringane og informasjonen. Det seier rektor Frøydis Anthonsen ved Nylund skule.

Ein del av lærarane var einige i framgangsmåten. Andre syntest måten ikkje var så god. No er planen uansett forkasta.