TESTA: Rundt 120.000 norske skuleelevar har i haust tatt nasjonale prøver.

ILLUSTRASJONSFOTO: BERIT ROALD / NTB SCANPIX

Fleire gutar enn jenter på topp i matematikk

SamfunnElevane i Finnmark gjer det betre i rekning, lesing og engelsk i år enn i 2016. Det viser resultata frå dei nasjonale prøvene.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Denne hausten tok 120.000 elevar nasjonale prøver. Elevane på 8.-trinnet vart testa i lesing, rekning og engelsk. Elevane på 9.-trinnet vart testa i lesing og rekning.

Det nasjonale snittet er stabilt. I dei fleste fylka er det berre små endringar frå 2016. Det viser tal frå Utdanningsdirektoratet.

Fakta om nasjonale prøver 

  • Rundt 120.000 elevar har gjennomført dei nasjonale prøvene i lesing, rekning og engelsk på 8.-trinnet, og i lesing og rekning på 9.-trinnet.
  • Resultata skal hjelpe lærarar, rektorar, kommunar og styresmakter i arbeidet med å gi alle elevar god undervisning.
  • Elevresultata blir rekna om til poeng på ein fast skala, der 50 er snittet på det 8. trinnet.
  • Elevane blir òg plasserte på eit meistringsnivå, der 1 er det lågaste og 5 det høgaste.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Kunnskapsministeren: – Trenden kan ha snudd

Finnmark fylke er eit positivt unntak. Elevane gjer det no betre i både rekning, lesing og engelsk. Det er markant færre elevar på dei lågaste meistrings-nivåa.

Henrik Asheim (Høgre) er kunnskapsminister. Han er glad for at det nordlegaste fylket gjer det betre i år.

– Finnmark har lenge gjort det dårlegare på dei nasjonale prøvene enn resten av landet. Det er svært gledeleg å sjå at denne trenden no kan ha snudd. Det er for tidleg å konkludere, men mange skular og kommunar i Finnmark har jobba målretta med å bli betre, seier kunnskapsministeren.

Fleire gutar er best i matte

Elevane blir delte inn etter meistringsnivå. 1 er det lågaste, og 5 er det høgaste. Elevane i Finnmark gjer det betre i alle fag i år samanlikna med i fjor.

I rekning er det 8 prosentpoeng færre som er på dei to lågaste meistrings-nivåa. I lesing er det 9 prosentpoeng færre elevar på dei to lågaste nivåa. I engelsk er det 6 prosentpoeng færre på dei to lågaste nivåa.

For Noreg sett under eitt, er det fleire gutar enn jenter som når dei to øvste nivåa i rekning. Jentene dominerer på dei øvste nivåa i lesing. I engelsk er det jamt.

Oslo og Akershus ligg over snittet

Elevane i Oslo og Akershus presterer over det nasjonale nivået på alle dei tre prøvene. Det vil seie gjennomsnittet av elevane.

Oslo skil seg ut fordi cirka kvar femte elev har det høgaste meistringsnivået i rekning, lesing og engelsk. Dette gjeld elevane på 8.-trinnet. Men ut frå prosentdelen elevar på det lågaste meistringsnivået er ikkje forskjellen mellom Oslo og dei andre fylka så stor.

Det same mønsteret går igjen i engelsk og rekning.

FORNØGD: Kunnskapsminister Henrik Asheim er glad for at Finnmark ser ut til å ha snudd den dårlege trenden.

ARKIVFOTO: TORE MEEK / NTB SCANPIX

Frå 2 til 6 prosent fekk fritak

Elevane kan få fritak frå prøvene. Det gjeld til dømes dei som treng spesiell språkundervisning. Frå 2 til 6 prosent av elevane i kvart fylke har fått fritak.

Akershus har den klart lågaste fritaksprosenten på alle prøvene. Det er meir jamt blant fylka som har høgast fritaksprosent.

Somme elevar har droppa prøvene av andre grunnar. Denne kategorien blir kalla «ikkje deltatt». Oslo er blant fylka som har den lågaste delen elevar som ikkje har deltatt. Nordland har den høgaste prosentdelen som ikkje er med på alle prøvene.