TESTING: Ein modell av det første sjølvkøyrande og elektriske konteinar-skipet i verda, Yara Birkeland, blir no testa hos SINTEF Ocean i Trondheim.

FOTO: NED ALLEY / NTB SCANPIX

Elektrisk robotskip kan erstatte mange lastebilar

TeknologiKvart år blir det køyrt 40.000 lastebilturar med gjødsel mellom Brevik og Larvik. Planen er å frakte det med eit sjølvkøyrande skip i staden.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

 

Bakgrunnen for prosjektet er at selskapet Yara kvart år fraktar mineralgjødsel 1 million kilometer. Det skjer på strekninga mellom Brevik i Telemark og Larvik i Vestfold. Frå Larvik blir produktet sendt vidare med konteinar-skip.

Fakta om autonom transport

  • System som gir sjølvgåande transport av personar eller annan last.
  • Transporten går frå ein stad til ein annan med få menneskelege inngrep.
  • Selskap som Google, Tesla og Uber arbeider med å lage sjølvkøyrande bilar.

Kilde: Wikipedia

Skip kan minske utsleppa

Viss prosjektet lykkast, blir utsleppa kutta med 750 tonn CO2. Det er i tillegg eit stort gjennombrot i utviklinga av autonom transport, altså at skipet ikkje har mannskap som styrer det.

– Dersom dei lykkast, betyr dette ei ny tid for godstransporten til sjøs, seier Nils Kristian Nakstad.

Han er administrerande direktør i Enova. Enova er eit statleg selskap som mellom anna gir støtte til utvikling av energi- og klimateknologi.

Prosjektet får millionar i støtte

Enova har gitt 133,6 millionar kroner i støtte til utviklinga av det sjølvkøyrande, elektriske skipet.

Utviklinga skjer hos forskings-organisasjonen SINTEF. Dei samarbeider med Yara, Kongsberggruppen og DNV GL.

SMART: Den sjølvkøyrande bilen Smart Vision EQ fortwo under bilutstillinga i Frankfurt tidlegare i år.

FOTO: KAI PFAFFENBACH / REUTERS / NTB SCANPIX

Alt skal skje automatisk

Selskapa jobbar òg med å lage eit automatisk system på land. Det skal sørgje for at skipet blir fortøydd, lasta og lossa. Alt skal skje ved bruk av elektrisitet.

Nyleg vart den første modellen av skipet presentert. Det har fått namnet Yara Birkeland. Modellen vart vist fram i Havlaboratoriet ved SINTEF i Trondheim. Miniatyrskipet er 6 meter langt og veg 2,4 tonn.

Skipsmodellen er designa av Marin Teknikk frå Sunnmøre. No skal modellen gjennom grundige testar.