ALDERSGRENSE: Denne mannen er gammal nok til å ta sol. Aldersgrensa er 18 år.

ILLUSTRASJONSFOTO: LUCKY BUSINESS / SHUTTERSTOCK / NTB SCANPIX

Dårleg alderskontroll ved norske solarium

HelseI Noreg må du vere 18 år for å bruke solarium. Statens strålevern har sjekka om solstudioa har alderskontroll. Mange bryt regelverket.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Statens strålevern har besøkt solarium i 200 kommunar. Berre 70 prosent av tala er klare. Men alt no ser Strålevernet at dei ikkje er fornøgde.

Fakta om føflekkreft

  • Føflekkreft er den alvorlegaste forma for hudkreft.
  • Føflekkreft har vorte vanlegare. Noreg har høg førekomst og høg døyingsprosent.
  • Førebygging: Unngå å bli solbrent, bruk solkrem med høg faktor, ta pausar frå sola når ho er på det sterkaste, eller bruk dekkjande klede.
  • Unge bør ikkje ta solarium, ettersom kreftrisikoen aukar når ein byrjar å bruke solarium tidleg.

Kjelde: Kreftregisteret og Folkehelseinstituttet

18-årsgrense sidan 2012

Hanne Kofstadmoen er direktør i Statens strålevern.

– Vi er skuffa. Det er omfattande brot på regelverket. Dette trass i at bransjen har hatt god tid på å innrette seg, seier Kofstadmoen til NRK.

Det er 18-årsgrense for å bruke solarium. Slik har det vore sidan 2012. Men alderskontroll vart først eit krav frå 2017. Over halvparten av solaria har ikkje god nok alderskontroll. Det viser undersøkinga til Strålevernet.

Unge er meir utsette for kreft

– Det er ekstra skuffande fordi vi veit at risikoen for å få hudkreft er ekstra høg for dei som startar med solarium i tidleg alder, seier Kofstadmoen.

Soling er hovudårsaka til hudkreft. Solaria skal ha brosjyrar og plakatar som åtvarar om helsefaren.

Informasjonen var for dårleg ved 55 prosent av solstudioa som vart undersøkte. Det skriv NRK.

Solarieforeining er ueinig

Ronny Rath Pedersen er styreformann i Norsk Solarieforening. Han er ueinig i konklusjonane Strålevernet har komme fram til.

– Vi trur det er ein betydeleg del av bransjen som har ein tilfredsstillande form for alderskontroll, seier han.

Han fortel at bransjen støttar opp om kravet om god informasjon. Han seier solaria prøver å etterleve regelen om 18-årsgrense.

ÅTVARING: Solstudioa skal sjølv åtvare mot helsefarene ved å bruke solarium.

ILLUSTRASJONSFOTO: HEIKO JUNGE / NTB SCANPIX

Regelbrot kan gi bøter

Pedersen har ikkje sett rapporten. Men han meiner Strålevernet handhevar regelverket for rigid. Da gir ikkje tala eit rett bilete av situasjonen. Det seier han til NRK.

Strålevernet meiner at dei tolkar og bruker regelverket rett.

Solstudioa som ikkje har alderskontroll, får kort frist til å ordne opp. Dei som ikkje gjer det, kan få bøter og i verste fall bli politimelde.