VENNER: 60 prosent har vore heime hos vener den siste veka.

ILLUSTRASJONSFOTO: GORM KALLESTAD / NTB SCANPIX

Unge bruker mindre tid hos vener

HelseSju av ti unge er heime meir enn to kveldar i veka. Det viser ein rapport frå Ungdata.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Ungdata har kartlagt vanane til norske ungdommar. Stadig fleire er heime på kveldane og ikkje hos vener. Det viser tala.

Fakta om Ungdata

  • Ungdata er lokale spørjeundersøkingar for ungdom. Dei er eit tilbod til alle kommunar og fylkeskommunar.
  • Sidan 2010 har 439.200 ungdommar frå 405 kommunar og frå Svalbard deltatt i undersøkingane.
  • Ungdata gir dermed eit godt innblikk i korleis det er å vere ung i Noreg i dag.

Kjelde: Ungdata

Mange er heime

Ungdata har spurt ungdom på ungdomsskulen og vidaregåande. Tre av fire (72 prosent) fortel at dei har vore heime to kveldar eller meir den siste veka.

Av desse seier 23 prosent av elevane på ungdomsskulen at dei har vore heime minst seks av dei siste sju kveldane. For vidaregåande skule er talet 20 prosent.

Tala har endra seg

Dette er ei klar endring frå 2011. Da sa 75 prosent at dei hadde vore heime hos vener den siste veka. I år har denne delen gått ned til 60 prosent.

Anders Bakken er forskingsleiar i Ungdata. Han er ikkje uroa over utviklinga. Det fortel han til radiokanalen P4.

SOSIALT: Mange oppfattar dataspeling som sosialt.

ILLUSTRASJONSFOTO: GORM KALLESTAD / NTB SCANPIX

Mange opplever dataspel som sosialt

– Vi reknar med at dette handlar om smarttelefonar og nye former for kommunikasjon. Det er fint at unge får fleire sosiale arenaer. For somme kan det bli vel mykje. Og viss det tar all tida deira, blir det kanskje eit meir innskrenka ungdomsliv enn det å vere saman fysisk òg, seier forskaren.

Mellom anna trekkjer han fram dataspel og sosiale medium. Det er sosiale aktivitetar der ungdommane sjølve opplever at dei er saman med andre. Det fortel forskingsleiar Anders Bakken.