TEIKNING: Helleristinga av ein båt er ikkje lett å få auge på. På det nedste biletet er omrisset teikna inn.

FOTO: JAN MAGNE GJERDE / UNIVERSITETET I TROMSØ / NTB SCANPIX

Teikning av båt blir rekna som sensasjon

KulturDet er funne ei helleristing av ein båt i Nordland. Teikninga er truleg mellom 10.000 og 11.000 år gammal.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Helleristinga vart funnen på Valle i Efjorden i Ballangen kommune. Det var Ingvar Lindahl som melde frå om oppdaginga.

Lindahl har jobba som geolog, men er no pensjonist.

Fakta om helleristingar

  • Bilete av menneske, dyr, gjenstandar og symbol.
  • Dei er hogde, skorne, slipte eller måla på bergflater, av og til på steinblokker.
  • Vi kjenner til helleristingar i forskjellige former frå ulike tidsrom i historia. Dei finst i alle verdsdelar.

Kjelde: Store norske leksikon

Truleg den eldste i verda

Helleristinga viser ein båt. Undersøkingane viser at ristinga kan vere mellom 10.000 og 11.000 år gammal. Dermed er det truleg den eldste avbildinga av ein båt i verda. Det melder NRK.

Jan Magne Gjerde er arkeolog ved Universitetet i Tromsø.

– Det er ekstremt stort. Det er eigentleg ein verdssensasjon, som kjem til å gå inn i forskingshistoria på ein eller annan veldig, veldig stor måte, seier arkeologen.

Teikninga er vanskeleg å sjå

I steinalderen var havnivået høgare enn i dag. Arkeologane ser på kor mykje landet har heva seg. Dermed kan dei finne ut kor gamle slike helleristingar er.

Båten er litt over fire meter lang. Helleristinga er svært vanskeleg å sjå. Ho kjem berre til syne når sollyset kjem direkte inn frå sida.