KONGELIG BESØK: Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit tok turen til Rønningen Folkehøgskole i Oslo tidligere i høst torsdag. Kronprinsessen ble med på å spille basketball.

ARKIVFOTO: VIDAR RUUD / NTB SCANPIX

Rekordmange vel folkehøgskule

SamfunnDenne hausten byrja over 7.600 nye elevar på folkehøgskular over heile landet. Dette er eit svar på karakter-presset. Det meiner folkehøgskule-kontoret.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Fakta om folkehøgskular

  • Folkehøgskulane er eksamensfrie skular der elevane bur.
  • Du kan velje blant fag som kultur, friluftsliv, idrett, reiseliv, journalistikk, pop og rock og psykologi.
  • Det er to typar folkehøgskular: kristne eller frilynte. Dei frilynte folkehøgskulane er som regel ikkje knytte til spesielle organisasjonar eller trussamfunn.
  • Mange folkehøgskular har ei nedre aldersgrense på 18 år. Ein del skular tar likevel inn elevar under 18 år.

Kjelde: Utdanning.no

Aldri før har så mange gått på folkehøgskule. Det er tredje året på rad med rekord.

– Stadig fleire elevar er slitne

Marit Asheim er informasjonsrådgivar for Informasjonskontor for kristen folkehøgskole (IKF).

– Dette er eit tydeleg signal til resten av Skule-Noreg. Stadig fleire elevar er slitne etter karakterpress på vidaregåande og seier dei ønskjer seg eit annleis år før vidare studium. Utan både karakterar og eksamenar evnar folkehøgskulane å gi elevane lyst og motivasjon til å lære vidare, seier ho.

80 folkehøgskular i Noreg

I 2017 er det 80 folkehøgskular her i landet. Til saman har dei 7.640 elevar. Det er ein auke på 2 prosent frå skuleåret før.

– Elev-veksten dei siste åra er tydeleg tale frå norske ungdommar: Vi treng folkehøgskulane! No håper vi òg at regjeringa synleggjer dette i utforminga av statsbudsjettet for 2018, seier Marit Asheim.

KrF, Venstre, SV og Senterpartiet lovde i valkampen i år å arbeide for meir pengar til folkehøgskulane. Det opplyser informasjonsrådgivaren.