SMELTAR: Briksdalsbreen i Stryn i Sogn og Fjordane. Biletet er tatt sommaren 2017.

FOTO: PAUL KLEIVEN / NTB SCANPIX

Norske isbrear smeltar bort

MiljøEi ny kartlegging viser kor fort dei norske breane smeltar. På 30 år har dei minka med 326 kvadratkilometer.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Området med bre som har forsvunne, svarer til litt meir enn arealet til landet Malta i Middelhavet.

Solveig Havstad Winsvold har skrive ei doktorgrad-oppgåve om isbrear. Det har ho gjort ved Institutt for geofag ved Universitetet i Oslo (UiO).

Fakta om isbrear

  • Isbrear er samlingar av is og hard snø. Dei er meir eller mindre konstante.
  • Breane er den største samlinga av ferskvatn på jorda. Nest etter hava er dei den største samlinga av alt vatn.
  • Dei finst i hovudsak i polarområda. Men alle kontinenta unntatt Australia har isbrear.

Kjelde: Wikipedia

Forskaren har sett på kart

Winsvold har sett på kart frå perioden 1947–1985. Så har ho samanlikna dei med satellittbilete tatt mellom 1999 og 2006.

Ut frå dette har ho komme til at arealet til dei norske isbreane har minka med 11 prosent på 30 år. Det skriv UiO-nettstaden Titan.

Dette er det første samla oversynet over endringar i brear over heile landet.

– Eit tydeleg teikn på varmare klima

Kvart år har 11 kvadratkilometer smelta bort.

– Dei fleste isbreane i Noreg minkar mykje, noko som er eit tydeleg teikn på at klimaet blir varmare, seier Solveig Havstad Winsvold.

Ho meiner det er viktig å kartleggje breane og å måle endringane. Slik kan vi sjå teikn på korleis klimaet endrar seg. Det gjer det òg mogleg å finne ut kor mykje havnivået kjem til å stige, seier Winsvold.

FORSKAR: Solveig Havstad Winswold har skrive ei doktorgrad-oppgåve om isbrear. Her er ho på Nigardsbreen i Luster kommune i Sogn og Fjordane.

FOTO: HALLGEIR ELVEHØY / NVE

Satellittar kan hjelpe forskarane

Solveig Havstad Winswold jobbar til dagleg som bre-analytikar i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Winsvolds doktorgrads-avhandling handlar om nye metodar for å kartleggje isbreane. Det skjer ved hjelp av satellitt-målarar.

MEKTIG: Menneska blir små på Austdalsbreen. Dette er ein brearm av Jostedalsbreen.

FOTO: BERIT ROALD / NTB SCANPIX

Dei største endringane er i nord

Endringane er størst i nord. Der er det målt 17 prosent mindre isbre-areal på 30 år. Forklaringa kan vere endringar i temperatur og nedbør. I tillegg betyr det ein del kor breane ligg – kor høgt og kor nært havet.

Isbreen Normannsjøkelen på øya Seiland vest i Finnmark. Denne breen har minka aller mest. Arealet har vorte heile 91 prosent mindre.