DYRARE: Pengane skal gå til eit miljøfond som handelsnæringa sjølv forvaltar.

ILLUSTRASJONSFOTO: JON OLAV NESVOLD / NTB SCANPIX

For kvar pose går det pengar til tiltak for miljøet

MiljøDet blir pristillegg på plastposar. Pengane skal gå til eit miljøfond. Målet er at vi skal bruke færre posar.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

50 øre per selde berepose i plast skal gå til Handelens miljøfond.

Vibeke Hammer Madsen er administrerande direktør i organisasjonen Virke. Ho meiner posetillegget gjer at dei når to mål på ein gong. Det eine er å oppfylle retningslinjene i EU om å redusere bruken av plastposar. Det andre er å få eit miljøtiltak mot forsøpling frå plast.

Fakta om plast i norske farvatn

  • Årleg hamnar 34.000 tonn søppel i havet rundt Noreg. I tillegg kjem plast frå andre land som blir ført nordover med havstraumane.
  • Plasten på strendene utgjer mellom 10 og 15 prosent av plasten i havet. Omtrent 70 prosent av plasten ligg på havbotnen.
  • Plasten hopar seg opp i strandsona langs kysten. Der blir han utsett for sol, bølgjer og vind. Dette gjer at han blir broten ned til mikroplast. Mikroplast kan mellom anna spreie miljø- og helseskadelege stoff og vere til skade for fisk, fugl og dyr.

Kjelder: Norsk polarinstitutt, Miljødirektoratet, Hold Norge rent

Prisen er uviss

I dag er vanleg pris for ein plastpose i daglegvarebutikkane 1 krone. Betyr det at prisen no kjem til å bli 1 krone og 50 øre?

– Kva prisen på ein plastpose blir til sjuande og sist, er det opp til handelen å avgjere. Vårt poeng i Handelens miljøfond er at 50-øringen skal øyremerkjast til eit miljøfond. Kva det endar med, er opp til kvar bransje, daglegvarehandelen og faghandelen, å avgjere, seier Vibeke Hammer Madsen.

Vi bruker 180 posar kvar

Fondet kjem til å få inn 400 millionar kroner årleg, trur Virke.

EU har vedtatt retningslinjer som pålegg medlemslanda å få ned forbruket av plastbereposar. Noreg er plikta til å innføre dette direktivet gjennom EØS-avtalen.

I 2014 brukte vi cirka 930 millionar plastposar i Noreg. Det opplyser Miljødirektoratet. Det svarer til rundt 180 posar per innbyggjar.

Fondet kan gå til opprydding

Miljøfondet kan brukast til å fremje meir miljøvennlege og færre plastposar. Det kan òg gå til oppryddingstiltak. Det gjeld særleg plast som kjem inn frå havet og forsøplar norskekysten.

Allereie i 2014 var det diskusjonar om ei avgift på plastposar. Det skjedde under forhandlingane om statsbudsjettet. Avgifta skulle i så fall krevjast inn av staten. Da var det snakk om ei miljøavgift på 1,50 kroner per pose. Forslaget møtte stor motstand. Det skulle etter planen innførast i mars 2015. Men like før droppa regjeringa det.

Avgift kjem truleg frå nyttår

Vibeke Hammer Madsen i Virke meiner den nye ordninga er betre.

– Det er mykje mer målretta at handelen tar eit sjølvstendig ansvar for dette og er med på å innfri EU-krava om å redusere plastposebruken, seier ho til nyheitsbyrået NTB.

Virke håper ordninga kan innførast frå nyttår.

POSITIV: Miljøminister Vidar Helgesen.

ARKIVFOTO: HÅKON MOSVOLD LARSEN / NTB SCANPIX

Det har vore samtalar i eitt år

Vidar Helgesen frå Høgre er klima- og miljøminister. Han har hatt samtalar med handelsbransjen om avgifta i nesten eitt år.

– Utgangspunktet er jo eit EU-direktiv som skal gjennomførast. Da har det vore viktig å ha dialog med bransjen om korleis dei meiner vi best kan gjennomføre dette. Her har bransjen foreslått å leggje på eit vederlag ved sal av plastposar. Det ser vi positivt på, seier Helgesen.

Helgesen: Ikkje ei avgift

Miljøministeren strekar under at plastforsøpling er eit stort og veksande miljøproblem. Han er opptatt av at det her ikkje er snakk om ei avgift.

– Det er viktig for meg å streke under at dette ikkje er ei avgift. Avgift er noko staten gir pålegg om. Her har bransjen foreslått eit vederlag ved sal av plastposar. Det ser vi positivt på, seier Helgesen.

Positiv mottaking

Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) roser Virke og handelsnæringa for å ha fått på plass ei ordning. Une Bastholm er stortingsrepresentant for MDG.

– Det er strålande at Virke og handelsnæringa sjølv ønskjer å gå føre. Dette kan gi viktige resultat. Det har dessverre vorte vanlegare og vanlegare i miljøpolitikken at næringslivet går raskare fram og er meir ambisiøse enn politikarane, seier Bastholm.

Plastsøppel i havet aukar

Une Bastholm meiner at ei slik ordning ikkje må bety at regjeringa kan la vere å gjere meir.

– Ved sida av klimaendringar er plastforureining ei av dei absolutt største utfordringane i vår tid. Viss vi ikkje gjer noko i det heile, kjem det innan 2050 til å vere meir plastsøppel enn fisk i verdshava, seier Bastholm.

PRISTILLEGG: I 2014 brukte vi cirka 930 millionar plastposar i Noreg.

ILLUSTRASJONSFOTO: BERIT ROALD / NTB SCANPIX

Greenpeace er fornøgde

Greenpeace Norge roser òg handelsnæringa. Truls Gulowsen er leiar i organisasjonen.

– Greenpeace hadde håpt at avgifta skulle setjast til 1 krone per plastpose, men 50 øre er ein god start. Vi gratulerer bransjen med dette initiativet, som verkeleg kan monne. Vi håper fleire no følgjer etter med eigne tiltak mot plasten, seier Gulowsen.

Han meiner at til dømes fiskeri- og havbruksbransjen må gjere meir.