KOLLEKTIVT: Fleire reiser med buss.

ILLUSTRASJONSFOTO: GORM KALLESTAD / NTB SCANPIX

Fleire reiser kollektivt

MiljøPå eitt år har talet på personar som reiser med kollektivtrafikk, gått opp med 4,1 prosent. Samtidig er det færre som tar tog.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Fakta om kollektivtrafikk

  • Kollektivtrafikk blir òg kalla kollektivtransport, offentleg transport eller offentleg kommunikasjon.
  • Dette er fellesnemningar for transportsystem som er tilgjengeleg for alle, til forskjell frå private transportmiddel.
  • Kollektivtrafikken er gjerne organisert med faste ruter med faste rutetider. Reisa kan vere med til dømes buss, trikk, T-bane, tog, fly, ferje og båt.

Kjelde: Wikipedia

Det viser tala for andre kvartal i 2017. Det er Statistisk sentralbyrå (SSB) som har laga oversikta. Tala er samanlikna med andre kvartal i 2016.

Til saman vart det gjort over 157 millionar reiser med kollektivtransport her i landet i april, mai og juni i år. Auken er på 4,1 prosent frå same perioden i fjor.

Færre tok toget

Trikk, T-bane og bybane hadde den største auken i talet på passasjerar. Med 3,7 millionar fleire reisande var veksten på 9,1 prosent.

Bussane auka passasjertala med 4,2 prosent. For passasjerbåtane var tala omtrent uendra.

Talet på togpassasjerar sokk med 6,1 prosent, viser tala.

NEDGANG: Færre tok toget.

ILLUSTRASJONSFOTO: VEGARD WIVESTAD GRØTT

Billettinntektene auka

Inntektene frå sal av billettar auka òg. Auken var på 383 millionar kroner, eller 12 prosent. Dei auka inntektene kan òg komme av høgare prisar, lengre reiser og at fleire kjøper enkeltbillettar framfor periodebillettar.

Til dømes var den gjennomsnittlege billett-inntekta i Sogn og Fjordane tre gonger høgare enn i Hordaland. Det tyder på lengre reiser og færre månadskort i tillegg til forskjellar i pris. Det opplyser SSB.

For trikk, T-bane og bybane auka billettinntektene med 25 prosent.