KOSTHALD: Det er vanskeleg å ete sunt for den som er fattig, meiner forskerne.

ILLUSTRASJONSFOTO: SARA JOHANNESSEN / NTB SCANPIX

124 millionar barn med fedme

HelseTalet på barn med fedme har auka dramatisk dei siste 40 åra. Det viser ein ny studie. Verdshelseorganisasjonen (WHO) slår alarm.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

I verda er det no 124 millionar barn med fedme. Det er ti gonger så mange som 1975.

Studien er leidd av Verdshelseorganisasjonen og Imperial College i London. Fedme gir risiko for store helseplager.

Fakta om fedme

  • Fedme og overvekt blir rekna ut frå kroppsmasseindeks (KMI).
  • KMI reknar du ut ved å dele vekta på høgda gonga med seg sjølv. Til dømes vil en person som er 1,60 meter høg, og som veg 55 kilo, få denne utrekninga: 55 : (1,6 x 1,6) = 21,5.
  • Normalvekta svarer til ein KMI på mellom 18,5 og 24,9. KMI under 18,4 blir rekna som undervektig, mens KMI over 25 blir rekna som overvektig. KMI over 30 blir kategorisert som fedme. Ein KMI over 40 blir rekna som sjukeleg fedme.
  • KMI-metoden har fått kritikk for å ikkje skilje mellom feitt- og muskelmasse. For å kunne vurdere helsa til barn og unge ut frå vekta, er det utvikla vekstkurvar som gir informasjon om kva som er normal utvikling av høyde og vekt.

Kjelder: Folkehelseinstituttet, WHO

Barnekroppen har endra seg

Forskarane har gått gjennom over 2.400 undersøkingar. Desse omfattar nærare 130 millioner barn og tenåringar. Slik har dei fått eit inntrykk av korleis barnekroppen har endra seg siden midten av 1970-talet.

Det står om studien i den siste utgåva av legetidsskriftet The Lancet. I tillegg til 124 millionar barn med fedme er det 123 millionar barn i gruppa overvektig.

Flest gutar med fedme

Forskarane har mellom anna tatt for seg gutar i alderen 5–19 år. Av desse har 74 millionar fedme. På midten av 1970-talet var talet 6 millionar.

For jenter er talet no 50 millionar. Det er ein auke frå 5 millionar. Det kjem fram i undersøkinga.

Eitt av tre barn har fedme

Nauru, Cookøyene og Palau ligg alle i Stillhavet. Der har no eitt av tre barn og unge fedme. I ein del land i Midtausten, Nord-Afrika, Karibia og i USA har kvart femte barn fedme.

Undersøkinga omfattar òg Noreg. Her verkar det som prosentdelen barn med overvekt og fedme ikkje lenger aukar. Til saman utgjer barn med overvekt eller fedme mellom 15 og 20 prosent. Det svarer til rundt eitt av seks barn.

Usunn mat

I rike land har auken i talet på barn med fedme bremsa opp dei siste åra. Samtidig aukar fenomenet i land som Kina og India. Dette er land med raskt veksande økonomi.

Majid Ezzati er ein av forskarane som har arbeidd med rapporten.

– Desse urovekkjande tendensane reflekterer verknaden av marknadsføringa av mat og haldninger verda over. Sunn mat er for dyrt for familiar med låg inntekt, seier han.

Ezzati ber landa auke avgiftene på usunn mat og mat som inneheld mykje sukker.

VEKT: I rike land har auken i talet på barn med fedme bremsa opp dei siste åra.

ILLUSTRASJONSFOTO: THOMAS BRUN / NTB SCANPIX

– Mindre tid ved skjermane

Fiona Bull er WHO-ekspert på kroniske sjukdommar. Ho meiner barn må bruke mindre tid foran skjermar og meir tid i aktivitet.

– Tala viser at ekstrem og generell overvekt er ei global helsekrise i dag. Krisa kan bli verre i åra som kjem, med mindre vi går drastisk til verks, seier Bull.

Snart fleire enn undervektige barn

Dersom utviklinga held fram, er det snart fleire barn med fedme enn barn som er feil- eller underernærte, i verda. Det kan ifølgje forskarane skje om fem år.

117 millionar gutar og 75 millionar jenter var i fjor undervektige. Prosenten har vore fallande over mesteparten av verda sidan rundt år 2000. Unntaka er det søraustlege Asia og delar av Afrika.