BARNEVALDTEKT: Politiet får stadig fleire saker der barn valdtek barn. Auken er markant dei siste åra.

NTB scanpix / Shutterstock

Fleire barn valdtek andre barn

SamfunnTalet på melde valdtekter der barn har valdteke andre barn aukar kraftig. Dette viser tal frå Kripos. I fjor var det 56 prosent fleire politimeldingar enn året før.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Det er ikkje berre når vi samanliknar med året føre at tala vekkjer oppsikt. Dersom vi samanliknar med snittet frå åra 2012 til 2015, ligg talet frå i fjor 60 prosent høgare.

Ann Kristin Grosberghaugen er seksjonsleiar for valdtektsseksjonen i Kripos. Ho seier det er urovekkjande at talet på meldingar til politiet er så høgt. Samstundes meiner ho det er uklart kvifor auka er så stor.

– Vi vonar at det her er mørketala vi har avdekt. Vi trur også at det har vorte lettare å gå til politiet enn at det er fleire reelle valdtekter. Men alt dette er det vanskeleg å seie noko heilt sikkert om, seier ho til NTB.

Eldre gutar valdtek yngre

Fakta om valdtekt i Noreg

  • Valdtektsutvalet reknar med mellom 8.000 og 16.000 valdtekter eller forsøk på valdtekt i Noreg kvart år.
  • Ein reknar med at 90 prosent av alle valdtekter aldr blir melde til politiet.
  • Politiet legg bort 8 av 10 meldingar.
  • Nesten ei av ti kvinner opplever valdtekt ein eller fleire gonger i livet. For menn er talet ein av hundre. Det er grunn til å tru at valdtekt av menn er sterkt underrapportert.

Kilde: Wikipedia

Kripos har gått gjennom 225 valdtektsmeldingar der mindreårige skal ha valdteke andre barn under 14 år. Berre fire av dei melde ungdomane i utvalet var jenter.

Gutar utgjer såleis 98 prosent av dei som er melde til politiet. 31 prosent av dei var under den strafferettslege lågalderen på 15 år på gjerningstidspunktet. Den yngste var åtte år.

Offeret har i 205 av sakene vore ei jente. Men i tilfella der aldersskilnaden mellom offeret og utøvaren er fire år eller meir, er den utsette oftare gut. I desse tilfella er offeret også oftare i slekt med overgriparen.

Mange kjenner kvarandre

Tala viser at den melde og offeret ofte er kjenningar. Ein av fem valdtekter har funne stad på ein fest. I 15 prosent av alle sakene i rapporten er gjerningspersonen og offeret i familie.

Grosberghaugen meiner vi må bli meir opne om at barn kan gjere overgrep for å stogge utviklinga.

– Vi har lover og forskrifter for offera, men ikkje noko for unge mistenkte. No jobbar vi for at desse skal få ei betre handtering. Til dømes kan ein gjennomføre avhøyr på barnehus, seier ho.

BARNEHUS: I haust er det 10 år sidan Noregs første barnehus opna. Her ser vi dåverande justisminister Knut Storberget under opninga.

NTB scanpix / Marit Hommedal

Saker vert lagt bort

Av dei ferdige sakene i rapporten enda seks av ti med at politiet la dei bort.

– Desse sakene er vanskelege, også når det er vaksne som melder. Ofte er det ord mot ord. Samstundes er det vanskeleg å sikre spor fordi mange ventar lenge før dei melder ei sak til politiet.

Grosberghaugen ber folk melde saka så fort som mogleg dersom ein har vorte utsett for eit overgrep.

– Når det først har skjedd, er det viktig at politiet får vite det sånn at dei kan ta seg av det. Ikkje hald på løyndomar, men fortel det til oss, til venner, foreldre eller til skolen, oppmodar ho.