VER VARSAM! Jenter er meir utsette for seksualisert vald enn gutar.

ILLUSTRASJONSFOTO: SHUTTERSTOCK / NTB SCANPIX

«Sexting» fører til meir kjæraste-vald

HelseEin del ungdommar sender seksuelle meldingar. Desse er langt meir utsette for vald i kjærasteforhold enn andre. Det viser ei ny undersøking.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Undersøkinga er utført av Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS). Ho omfattar 1.028 ungdommar i alderen 14–17 år. Det skriv forskingsnettstaden Kilden.

Fakta om kjæraste-vald

  • Bygd på tal frå Safeguarding Teenage Intimate Relationships (STIR). Dette er eit EU-prosjekt som undersøker tilfelle av vald og misbruk blant ungdom i fem europeiske land.
  • 549 av 1.028 ungdommar som svarte, hadde vore i eit forhold.
  • Eit forhold blei i undersøkinga definert som eit intimt romantisk forhold. Det kunne vere alt frå dating og kjærastekontakt til " friends with benefits".

– Det  er  klare høgare funn av vald for dei som sender digitale seksuelle meldingar enn for andre, seier Per Moum Hellevik. Han er doktorgradsstipendiat ved NKVTS.

Ting heng saman

Hellevik påpeiker at undersøkinga ikkje har sett på samanhengen mellom årsak og verknad. Men dei to tinga heng klart saman, seier han.
I undersøkinga skriv forskarane om digital vald. Med det meiner dei stygge eller trugande meldingar på nettet eller på mobil.
Det er så mykje som fem gonger så vanleg med digital vald blant dei som har drive med såkalla sexting. Fysisk og psykisk vald aukar kraftig. Den ligg mellom 3,5 og 4 gonger så høgt. Talet på tilfelle av seksualisert vald er 2,5 gonger så høg.

Ulike typar av vald

Kva som er meint med vald i denne samanhengen er ganske mykje. Fysisk vald kan vere alt frå dytting til knyttneveslag og kvelartak. Seksualisert vald kan vere alt frå påtvungne kyss til valdtekt.

Jenter er meir utsette enn gutar. Og dei som har eldre kjærastar, er meir utsette. Det gjeld også personar som er utsette for vald heime.

– Det er trist. Dette viser seg igjen og igjen. Dei som er utsette på eitt område, er gjerne også utsette på andre område, seier Per Moum Hellevik.