HÆRVERK: Nokon har rissa i den ikoniske helleristninga "Skiløparen", som er 4-5.000 år gammal.

FOTO: NORDLAND FYLKESKOMMUNE / NTB SCANPIX

Hærverk mot fleire tusen år gammal helleristning

KulturI Alstahaug i Nordland finst det helleristningar som er fleire tusen år gamle. No er dei blitt rissa i og øydelagde. Kommunen veit kven som står bak hærverket.

  • © NTB
  • Published:
  • Updated:

Helleristninga «Skiløparen» er den som har blitt mest øydelagt. Det fortel NRK. «Skiløparen» var inspirasjon då symbola til OL på Lillehammer i 1994 vart laga.

Fakta om helleristningar

  • Over nesten heile verda har forfedrane våre sett att spor gjennom å hogge inn symbol, bilete og teikn i stein.
  • Figurane hadde truleg stor magisk verdi då dei blei rissa inn for fleire tusen år sidan. Dei forestiller blant anna dyr, skip, menneske, hjul og fotsolar.
  • Noreg har mange helleristningar. Dei fleste finst i fylka Østfold, Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag. Det er også mange helleristningar i blant anna Sverige, England, Irland, Estland og Russland.

– Det er sjølve skiløparen som har fått størst skadar. Det er ein spiss gjenstand som har laga fleire riss både i og utanfor dei gamle hogg-merka. Figuren viser ikkje lenger i si opphavlege form, seier Tor-Kristian Storvik. Han er fylkesarkeolog i Nordland.

Figuren er 4.000 til 5.000 år gammal

No vil vi aldri igjen få oppleve han slik han har vore. Helleristningane er ein del av det som vert kalla Valen-feltet. Dei viser ei typisk jakt frå steinalderen.

Ordførar Bård Anders Langø synest det er trist at ein av turistattraksjonane i Alstahaug kommune er øydelagt. Det skriv lokalavisa Helgelendingen.

– Desse symbola brukar vi for å reklamere for Alstahaug. Det blir trist dersom vi må dekkje til «Skiløparen», seier ordføraren.

Kjent kven som gjorde det

Kommunane har sendt ut ei pressemelding om hærverket. Det er kjent kven som stod bak.

– Desse personane har nokre svært tunge dagar. Dei angrar sårt på det dei har gjort. Vi har snakka med gjerningsmennene og familiane deira. Dei ønskjer å be om unnskyldning for det dei har gjort, skriv kommunen. Hærverket er meldt til politiet.

«Skiløperen» før den ble ødelagt. Figuren kalles også for «Rødøymannen».
KULTURMINNE: «Skiløparen» før han vart øydelagt. Figuren vert også kalla «Rødøymannen».

FOTO: STEINAR MYHR / NTB SCANPIX